Silje Nymoen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Silya Nymoen)
Silje Nymoen

Fødd3. januar 1978 (46 år)
FødestadOslo
FødenamnSilje Haugum Nymoen
AliasSilya
OpphavNoreg
Aktiv1998–
Sjangerpop, rock, jazz
PlateselskapWarner Music Norway, Columbia Records, Eusonia Records, Sony Music Norway
Verka somsongar-låtskrivar, musikar, skodespelar, programleiar
Gift medEspen Leite

Silya Nymoen (fødd 3. januar 1978 som Silje Haugum Nymoen) er ein norsk artist og låtskriver.[1] Ho vart kjend som gjestesolist, seinare som fast vokalist i gruppa Multicyde som slo gjennom i 1999 med «Not for the Dough», med melodi som bygde på Bent Fabricius-Bjerre sitt munnspeltema frå filmen Flåklypa Grand Prix. Etter fleire år i New York flytta ho attende til Noreg etter å ha vunne StjernekampNRK hausten 2013. Same året starta ho bandet Silya & The Sailors.

Bakgrunn og musikk[endre | endre wikiteksten]

Silya Nymoen voks opp på Østensjø i Oslo og byrja med musikk og dans som barn.

Ho har hovudfag i moderne jazz frå Statens balletthøgskole og var med i fleire streetdance-grupper.

Nymoen var med som dansar og songar i musikalane Cabaret, Chicago og West Side Story i åra 2000-2004 og gjorde suksess som vokalist med den norske hippopgruppa Multicyde under artistnamnet Anèa, frå 1998-2002. Dei gav ut to album, hadde tre topp 3-hittar i Noreg og turnerte i Skandinavia og Tyskland.

Murlyn Music Group i Stockholm ville ha Nymoen som låtskrivar[treng kjelde] og signerte ho i 2005 før Columbia Records i New York signerte ho som soloartist i 2006.

I USA skreiv Nymoen låtar med produsentar og musikarar verda rundt og jobba blant anna i New York, London, Los Angeles og Atlanta. I ei årrekkje jobba Nymoen som liveartist i USA og spelte blant anna fast på The Living Room, The Darby og The Jazzroom at The General i New York, og samarbeidde med artistar som CeeLo Green.[treng kjelde]

Nymoen si første soloplate Peel Away kom på det amerikanske indieselskapet Eusonia Records i 2011.

Nymoen jobba òg ei tid som låtskriver for andre artistar blant anna Vanessa Hudgens, og skreiv to låtar til hennar album Identified.[2][3]

Etter å ha vunne Stjernekamp på NRK1 i 2013 flytta Nymoen tilbake til Noreg. Då albumet Unanchored kom i 2014 under nytt artistnamn Silya & The Sailors (òg ei stund kalla Silya & The Rapscallions) etablerte Nymoen seg som ein av dei store live-artistane i Noreg med konsertar og festivaljobbar over heile landet. I 2015 tok ho i tillegg ei stor rolle i musikalen Sweeney ToddDet Norske Teatret.

Nymoen har òg samarbeidd med Det Norske Kammerorkester på Heart, ein del av hennar trilogialbum Life - Resolution - Heart i 2017.

I 2019 kom ein ny EP ved namn Quantum Bounce, ein hyllest til livsglede og inspirert av tanta hennar, Randi Mork Ulnes, som òg målte biletet som vart brukt til albumcover.

Tv-program[endre | endre wikiteksten]

Nymoen har delteke i Melodi Grand Prix som artist og låtskriver i 2012, som låtskrivar i 2013 og har vore programleiar tre gonger saman med Kåre Magnus Bergh: i 2015, 2016 og 2018.

Hausten 2013 deltok ho og vann andre sesong av tv-konkurransen StjernekampNRK1.[4]

I 2016 hadde ho ei rolle i tv-dramaet Mammon som vann ein Emmy for beste internasjonale dramaserie.

I 2018 var ho med i sesong 7 av tv-programmet Hver gang vi møtesTV 2.

I 2021 var ho med i sesong 1 av TV-programmet Den du veit på TV 2.

Familie[endre | endre wikiteksten]

I oktober 2017 gifta ho seg med musikaren og komponisten Espen Leite.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norske Silya sang for høygravide Beyoncé, arkivert frå originalen 9. januar 2012, henta 19. november 2021 
  2. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 9. januar 2012. Henta 8. april 2012. 
  3. Discogs
  4. Her er årets Stjernekamp-artister! på www.nrk.no/pressetjenesten/ Publisert 12. juni 2013. Besøkt 26. oktober 2013.
  5. NRK (13. juli 2018). «SiLyA og Espen Leite samspilt» (på norsk bokmål). Henta 29. april 2019. 

</references>

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Silje Nymoen