Sivert E. Dyrland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sivert E. Dyrland
Fødd 5. juni 1848
Karmøy
Død

16. februar 1947

Sivert Eriksson Dyrland (5. juni 184816. februar 1947) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Skudenes i Rogaland. Han var stortingsmann for Samlingspartiet/Høgre i tida 1906-12.

Dyrland var son til ein leiglending i Skudenes herad. I sine yngre år dreiv han fiskje, både i Nordland og makrellfiskje i Nordsjøen. Han kjøpte i 1878 halvparten av faren sitt bruk på Dyrland og fem år seinare overtok han ein halvpart av gardsbruket til svigerfaren, også det på Dyrland.

Dyrland var «prestens medhjelpar» frå 1878 og åstadskommissær frå 1890. Han var medlem i heradsstyret i mange år, og styremedlem 1886-1905 i fellesforeininga for indremisjonslaga Karmsund prosti.

Valperiodane 1906-09 og 1910-12 representerte han einmannskrinsen Karmsund på Stortinget, den fyrste perioden var han med i Næringskomite nr 2, i den siste i Kyrkjekomiteen og Lagtinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]