Sjalottlauk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjalottlauk, skiva og heil.

Sjalottlauk (Allium cepa var. ascalonium) er ein variant av lauk (kepalauk) som dannar eit knippe smålaukar frå ein morlauk. Smaken er mildare og søtare enn vanleg lauk. Lauken kan brukast til matlaging som annan lauk, eller syltast. Sjalottlaukar kan ha raudbrune eller gule skal. Varianten banansjalottlauk har meir avlang form.

Sjalottlauken er ein gammal kulturplante frå dei austlege middelhavslanda. Namnet kjem frå det latinske for 'lauk frå Askalon', noko som viser til dagens Ashkelon i Israel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Sjalottløk» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 1. desember 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sjalottlauk