Sjur Hansson Halkjelsvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjur Hansson Halkjelsvik
Fødd 26. august 1787
Død

6. september 1868

Yrke politikar

Sjur Hansson Halkjelsvik (26. august 17876. september 1868) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå VoldaSunnmøre. Han var på stortinget i sesjonane 1830, 1845 og 1848. Han var den fyrste ordføraren i Volda (1838-39), ordførar på ny i perioden 1842-45.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Halkjelsvik var fødd Sjur Hansson Eide og kom frå den einbølte garden Eide i Austefjorden i Volda. Han var systerson av Rasmus Jakobsson Vassbotn og Per Jakobsson Bjørkedal. Då Sivert Aarflot i 1803 opna ein sundagsskule der det var undervist i skriving, rekning, historie, geografi, naturkunne og astronomi var Sjur ein av elevane. I åra frå 1805 til 1812 var han omgangsskulelærar i Volda.

I 1812 gifta Sjur Hansson Eide seg med jordatausa i Skjervagarden i Halkjelsvik i Volda, Anne Helene Pålsdotter Halkjelsvik. Sidan var han gardbrukar i Skjervagarden. Attåt hadde han fleire tillitsombod i Volda. Viktigast var arbeidet i forlikskommisjonen der han virka frå 1821 og heilt fram til han døydde. Han var vaksinatør (mot koppar) i perioden 1819-46.

Halkjelsvik var den som i 1814 reiste med eidsdokumentet frå Volda til avlevering hos amtmannen i Molde. Sidan var han mange gonger valmann til samlinga som valde stortingsmenn frå Romsdals amt. Sjølv var han mellom suppleantane (varamennene) til stortinga 1818, 1833, 1845 og 1851. Han var stortingsmann i 1830, då medlem av justiskomiteen. Til stortinget 1845 var han fyrste suppleant, men møtte då Rasmus S. Aarflot døydde før stortingssesjonen tok til. Attvald i 1848, sat då i kyrkjekomite nr. 1, nett som i den føregåande sesjonen. I 1848 hadde han plass i Lagtinget og. Han treivst visst ikkje i stortinget og gjorde heller lite av seg.

I 1837 vart Halkjelsvik valt til ordførar i Volda, den fyrste etter innføringa av formannskaplovene. I til saman seks år var han ordførar, og sat jamnt i heradsstyret. Han var byggjeleiar og oppsynsmann då den fyrste lærarskulen i Volda, Voldens høiere Almenskole, var oppført i 1860.

Halkjelsvik sitt samfunnssyn oppsummerer historikaren Jostein Nerbøvik i uttrykket Enigheds Kraft. Halkjelsvik var «overtydd om at vekslinga og skifteverknaden mellom ”Fællesarbeidet” og det vanlege individuelle arbeidet ville fremje samhald og samfunn i det heile». Samfunnet skulle tuftast på eit samvirke av «dugnad, samnøyte og moraløkonomi».

På 80-årsdagen i 1867 vart Halkjelsvik tildelt borgardådsmedaljen i sølv, etter innstilling frå formannsskapet i Volda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]