Skafjell-ulukka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
J.F.L. Dreiers måleri frå 1827 viser krosskyrkja oppført etter raset som gjekk frå den loddrette bergveggen til venstre. Dimensjonane er misvisande.
Flodbølgja slo over 100 meter over flomålet på Stranda (raset gjekk utanfor høgre kant av biletet og bølgja slo inn mot venstre).

Skafjell-ulukka var eit steinras (fjellskred) som i 1731 tok 17 menneskeliv i Stranda kommuneSunnmøre.

Ulukka skjedde den 8. januar 1731 då omkring 6 millionar kubikkmeter[1] stein frå Rammerfjellet rasa rett i fjorden. Ei 30 m høg flodbølgje slo få minutt etter inn over tettstaden Stranda (Sløgstad) på motsett side av fjorden. Der raserte bølgja fleire sjøbuer, garder, eit tital båtar gjekk tapt og skada stavkyrkja som låg der Stranda kyrkje ligg i dag. Ei ny krosskyrkje vart sett opp lenger frå sjøen. Også på Sjøholt lengre ute i fjorden slo flodbølgja 12 meter framom flomålet og knuste naust og båtar. Den vesle garden Uren forsvann i fjorden med steinmassene, men familien berga seg opp på hustaket som flaut på fjorden - dei 5 barna fraus ihel i løpet av natta på hustaket.[2] Til saman omkom 17 menneske i ulukka.[3] Hans Strøm skreiv om ulukka 29 år etter. Ein månad etter raset, den 8. februar same år vart namnet på fjellet endra til Skafjellet. Raset gjekk eit par kilometer utanfor (mot vest) der Liabygda ferjekai på Gravaneset (fylkesveg 60/650) ligg i dag.

Eit mindre ras (omkring 0,5 millionar kubikkmeter) frå same fjell i 18. mars 1938 skapte ei bølgje på om lag 4 meter.[4]

Sjå òg:[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Blikra, Lars Harald mfl. (2006): Åknes/Tafjord-prosjektet: Sannsynlighet og risiko knyttet til fjellskred og flodbølger fra Åknes og Hegguraksla. Rapport nr.: 2006.039. Trondheim: Norges geologiske undersøkelse.
  2. Furseth, Astor (2006): Skredulykker i Norge. Tun forlag.
  3. Helland, Amund (1911): Topografisk-statistisk beskrivelse over Romsdals amt. Første del. Oslo: Aschehoug, s.192.
  4. Blikra, Lars Harald mfl. (2006): Åknes/Tafjord-prosjektet: Sannsynlighet og risiko knyttet til fjellskred og flodbølger fra Åknes og Hegguraksla. Rapport nr.: 2006.039. Trondheim: Norges geologiske undersøkelse.