Verdsmeisterskapen 1973 i sprint-firkamp på skeiser vart avvikla på Valle Hovin kunstisbane i Oslo laurdag 3. og sundag 4. februar. Meisterskapen var den fjerde i sprint-firkamp. 67 utøvarar, 38 karar og 29 kvinner, deltok i meisterskapen.
Valerij Muratov frå Sovjetunionen vart sprint-verdsmeister for andre gong. Han vann også den fyrste 500-meteren. Deretter gjekk Nederlands Jos Valentijn inn til siger på 1000 meter, Dan Immerfall frå USA vann den andre 500-meteren, før Nederlands Eppie Bleeker vart bestemann på den avsluttande 1000-meteren. I kvinneklassa vart Sheila Young frå USA verdsmeister, etter å vunne dei tre fyrste løpa, fjorårsmeisteren Monika Pflug frå Vest-Tyskland vann den siste 1000-meteren.