Skeise-VM 1999 i firkamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1999 i firkamp vart avvikla i VikingskipetHamar dagane frå 4. til 6. februar. 24 kviner og like mange menn frå 11 ulike land deltok i meisterskapen.

Tyske Gunda Kleemann forsvarte meistertittelen og vart verdsmeister i firkamp for åttande gong. Ho vann dei to lengste distansane og sette verdsrekord på 5 000 meter med tida 6.57,2, samt i iten firkamp med poengsummen 161,479. Annamarie Thomas frå Nederland sigra på dei tor kartaste distansane i kvinne klassa. Nederlendaren Rintje Ritsma vart verdsmeister for tredje gong, utan å vinne eitt einaste løp. Distansesigrane fall i staden Christian Breuer frå Tyskland, Vadim Sajutin frå Russland, Ådne Søndrål frå Noreg og Belgias Bart Veldkamp.

Dei fire norske deltakarane enda på tredjeplass, Eskil Ervik, sjettplass, Ådne Søndrål, ellevteplass, Anette Tønsberg og tolvteplass, Kjell Storelid.

Skeise-VM 1999[endre | endre wikiteksten]

Menn[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Rintje Ritsma  Nederland 152,651
Sølv Vadim Sajutin  Russland 153,360
Bronse Eskil Ervik  Noreg 154,176
4 Roberto Sighel  Italia 154,238
5 Bart Veldkamp  Belgia 154,808
6 Ådne Søndrål  Noreg 154,809
7 Martin Hersman  Nederland 155,000
8 Christian Breuer  Tyskland 155,034
9 K.C. Boutiette  USA 155,710
10 Frank Dittrich  Tyskland 155,926
11 Steven Elm  Canada 156,048
12 Kjell Storelid  Noreg 156,147

Dato: 4.–6. februar

Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Gunda Kleemann  Tyskland 161,479
Sølv Claudia Pechstein  Tyskland 162,935
Bronse Tonny de Jong  Nederland 163,780
4 Annamarie Thomas  Nederland 164,411
5 Emese Hunyady  Austerrike 164,885
6 Barbara de Loor  Nederland 165.043
7 Maki Tabata  Japan 165,090
8 Varvara Barysjeva  Russland 165,873
9 Jennifer Rodriguez  USA 166,022
10 Ljudmila Prokasjeva  Kasakhstan 166,333
11 Anette Tønsberg  Noreg 167,536

Dato: 4.–6. februar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]