Skjeggfuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skjeggfuglar


Svartbrynskjeggfugl, Megalaima oortiFoto: alder.share
Svartbrynskjeggfugl, Megalaima oorti
Foto: alder.share

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Piciformes

Skjeggfuglar er fellesnamnet på fuglar i fire familiar av spettefuglar som lever i Amerika, Afrika og Asia. Dei er nærast relatert til tukanar.

Kroppsforma til skjeggfuglane er rund, med kort hals og stort hovud. Ved nebbrota har dei lange bustete fjør som har gjeve namn til familien. Dei fleste artane har sterke farger og lever i tropisk skog.

Skjeggfuglar hekkar i hòl i trestammar som paret sjølv grev ut. Det er vanlegvis 2-4 egg i kullet. Føda er frukt og insekt. Desse fuglane er standfuglar.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Om dei fleste artane av skjeggfugl finst i låglandsskog, er nokre artar tilpassa skogar i høgland og i tempererte skogar. Men for dei fleste vil habitat vere avgrensa av tilgangen på daude tre som kan nyttast til reirplassar.

Dietten til skjeggfuglane er blanda, med frukt som den dominerande ingrediensen. Små byttedyr tar dei òg, spesielt i hekketida. Dei er i stand til å endre dietten snøgt når tilgangen på mat endrar seg. Dei kan beite frå treslag til treslag og ta frukt frå opp til 60 ulike artar i eit habitat. Om tilgjengeleg, kan dei òg gå inn i plantasjar for å plukke frukt og grønt. Dei svelgjer frukta heil og kan gulpe opp fragment av frø, spesielt før dei syng. Oppgulping skjer vanlegvis ikkje i reiret, slik som med tukanar. Akkurat som slektningane er skjeggfuglane vektige frøspreiarar.

I tillegg til å ta frukt, tar dei òg leddyr som dei plukkar frå greiner og trestammar. Eit breitt spekter av insekt står på menyen, inkludert maur, biller og møll. Skorpionar og tusenbein kan òg vere mat, og somme artar tar små virveldyr som frosk.

Systematikk og taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Det er semje om at dei næraste slektningane åt skjeggfuglar er tukanar, og at desse to familiane er også nært knytt til voksetarar og spettar som til saman dannar ordenen Piciformes. Tidlegare var det òg semje om å handsame alle skjeggfuglar som ein familie (Kort & Horne 2002). Men dette viser seg å vere parafyletisk med omsyn til tukanane. Derfor har autoritetar i systematikk skilt ut asiatiske artar til ein ny familie Megalaimidae, dei afrikanske til Lybiidae. Slekta Semnornis av amerikanske skjeggfuglar er òg gått ut av Capitonidae til sin eigen familie Semnornithidae. Alternativt kan alle skjeggfuglar og tukanar sameinast i ein stor familie.

Familiar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Capitonidae frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Short, Lester L. (1991). in Forshaw, Joseph: Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press, 153-154. ISBN 1-85391-186-0.
  • Short, L.L. & Horne, J.F.M. (2002). «Family Capitonidae (Barbets)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. Jacamars to woodpeckers. Handbook of the Birds of the World. Band 7. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 84-87334-37-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]