Hopp til innhald

Spettefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Spettar)
Spettefamilien
Hispaniolaspett Melanerpes striatus Foto: Wolfgang Wander
Hispaniolaspett Melanerpes striatus
Foto: Wolfgang Wander
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Spettefuglar Piciformes
Familie: Spettefamilien Picidae
Vigors, 1825

Spettefamilien er ein biologisk familie, Picidae, av spettar, pikulettar og vendehalsar, nær sporvefuglar. Medlemmer av denne familien finst over heile verda, unntatt i Australia og New Zealand, Madagaskar, og dei ekstreme polare områda. Dei fleste artane lever i skog eller skogkledde habitat, sjølv om nokre få artar er kjente for å leve i trelause område som steinete åssider og ørkenar. Medlemmer av familien Picidae har sterke nebb for å hakke og å tromme på trestammar og særs lange kleimne tunger for å rekkje inn i sprekkar og gripe tak i føda.[1] Insekt og larver er viktige byttedyr.

Picidae er berre ein av sju familiar samla i ordenen spettefuglar, Piciformes. Medlemmer av ordenen Piciformes, slik som skjeggfuglar, tukanar og voksetarar, har tradisjonelt vore antatt å vere svært nært knytt til hakkespettar, pikulettar og vendehalsar. Meir nyleg har DNA-sekvensanalysar stadfesta dette synet.[2]

Det er ca. 220 artar og ca. 30 slekter i denne familien. Mange artar er trua på grunn av tap av habitat eller habitatfragmentering. IUCN reknar dei to artane elfenbeinsspett og keisarspett som kritisk trua,[3][4] og det er uklart om desse artane enno eksisterer.

Åtte artar hekkar i Noreg; svartspett, grønspett, gråspett, dvergspett, flaggspett, kvitryggspett, tretåspett og vendehals.

Akasiespett, Campethera nubica
Foto: Brad Schram

Den stive halen hos spettar er avgjerande for klatringa og beiteteknikken deira. Halen blir brukt som ei støtte mot trestammen. Den minste hakkespetten er amazonpikulett, på 7 gram og 8 centimeter. Den største hakkespetten var keisarspett, til ein gjennomsnittslengd på 58 cm og sannsynlegvis over 600 gram. Elfenbeinsspett er, eller var, litt mindre med 50 cm og ei vekt på 500 gram. Viss både elfenbeinsspett og keisarspett faktisk er utrydda, den største nolevande hakkespetten er den store skiferspett i Søraust-Asia, på ca. 50 cm og 450 gram. Ei rekkje artar viser kjønnsdimorfisme i storleik, nebblengd og i vekt. Blant pikulettar er det ofte hoer som er størst, blant hakkespettar som viser kjønnsdimorfisme er gjerne hannen den største av kjønna.

Dei fleste artane har hovudsakleg kvit, svart og brun, grøn og raud fjørdrakt, sjølv om mange pikulettar òg viser grått og olivengrønt i drakta. Spettar har ofte flekker i raudt og gult på hovudet og buken, og desse klårt farga områda er viktige signal. Det mørke området i fjørdrakta er ofte iriserande. Sjølv om kjønna av Picidae-artar har ein tendens til å sjå like ut, har mange hakkespettartar meir framtredande raudt eller gult i hovudteikningar hos hannar enn hos hofuglar.

Spettenebb er vanlegvis lengre, skarpare og sterkare enn nebb hos pikulettar og vendehalsar. Men morfologien blant alle tre gruppene er mykje lik. Blant fuglar som regelmessig brukar nebbet på treverk blir nebbspissen halden skarp med hakkinga. Hakkespettartar som brukar nebba sine i jord eller for å søkje, i motsetnad til vanlege hamring, pleier å ha lengre og meir nedkurva nebb. Mange pikulettar og vendehalsar med veikare nebb enn spettar, vil søkje føde i råte trevirke oftare enn hakkespettar. Den lange kleimen tunga, som har bustar, hjelper desse fuglane i å fange og hente ut insekt djupt inne eit hòl eller ei sprekk i eit tre. Eit detaljerte studium publisert i 2004 har vist at tunga blir lagt rundt byttet før det blir drege ut.[5]

Mykje av åtferda blant spettar som beiting, hekking og signalisering med lyd, inneber tromming og hamring med hjelp av nebbet.[6] For å unngå hjerneskade frå den raske og gjentatte oppbremsinga av fart, har hakkespettar utvikla ei rekkje tilpassingar for å verne hjernen. Desse inkluderer liten hjernestorleik, orienteringa av hjernen inne i hovudskallen som maksimerer området av kontakten mellom hjernen og skallen og kortvarig kontakt. Millisekundet før kontakt med treverket lukker den tykke blinkhinna, og vernar auget mot flygande treflis,[7] nasebora er òg verna, dei er ofte innskrenka og har spesielle fjører som dekkjer opningane.

Spettar, pikulettar og vendehalsar alle har zygodactyle føter. Zygodactyle føter har fire tær, den første og den fjerde vender bakover, og den andre og tredje er framvendt. Ein slik fot er veleigna for å ta tak i trestammane. Medlemmer av denne familien kan gå vertikalt opp ein trestamme, noko som er gunstig for aktivitetar som å søkje etter føde på stammen eller når dei hakkar ut reirplass. I tillegg til sterke klør og føter, har hakkespettar korte sterke bein, dette er typisk for fuglar som regelmessig beitar på trestammar. Halen på alle hakkespettar unntatt pikulettar og vendehalsar er stiv, og når fuglen kviler på vertikale flater, arbeider halen og føtene saman for å stø fuglen.[1]

Leiderspett, Picoides scalaris
Foto: Alan D. Wilson

Utbreiing, habitat og trekk

[endre | endre wikiteksten]

Hakkespettane har ein stort sett kosmopolitisk distribusjon, sjølv om dei er fråverande frå Australasia, Madagaskar og Antarktis. Dei er òg fråverande frå øyar fjernt frå fastland, sjølv om mange isolerte artar er funne på kontinentale øyar. Den verklege spettane, underfamilie Picinae, er fordelt over heile spekteret av hakkespettar. Pikulettar har ein tropisk distribusjon, med artar i Søraust-Asia, Afrika og den neotropiske regionen, med Sør-Amerika som det mest artsrike området. Den einaste i slekta Nesoctites og i underfamilien Nesoctitinae er storpikulett, som er avgrensa til den karibiske øya Hispaniola. Vendehalsar har utelukkande distribusjon i «den gamle verda», med to artar som finst i Europa, Asia og Afrika.

Samla sett er spettefamilien trelevande fuglar i skogkledde habitat. Dei når sitt største mangfald i dei tropiske regnskogane, men finst i nesten alle eigna habitat, inkludert skog, savannar, krattskog og bambusskogar. Sjølv grassletter og ørkenar har vorte kolonisert av ulike artar. Desse naturtypane blir tatt i bruk om det finst ei lita mengd tre, eller i tilfelle av ørkenartar som kaktusspett, om høge kaktusar er tilgjengeleg for å hekke i.[8] Ei rekkje artar er tilpassa til å bruke ein del av tida til å søkje føde på bakken, og ein svært liten minoritet av artane har forlate trea heilt og hekkar i hòl i bakken. Jordspett er ein slik art, han lever i steinete og grasdekte åsar i Sør-Afrika. Tilgjenge på daude tre er truleg viktig for skogsartar som tretåspett, svartspett, flaggspett og dvergspett.

Picidae-artar kan anten vere standfuglar eller trekkfuglar. Mange artar er kjente for å halde seg i same område året rundt, medan andre trekker i store avstandar frå hekkeplassane sine til overvintringsområda. Vendehals, til dømes, hekkar i Europa og Vest-Asia og trekker til Sahel i Afrika om vinteren.[9]

Hakkespettane spenner frå svært asosial artar som er aggressive mot andre medlemmer av same arten, til artar som lever i grupper. Sistnemnde artar har ein tendens til å vere kolonihekkarar. I tillegg til desse artane, kan ei rekkje spetteartar bli med å beite i fleirartsflokkar saman med andre insektetande fuglar, sjølv om dei gjerne held seg i utkanten av desse gruppene. Deltaking i fleirartsflokkar kan hjelpe hakkespettar til å redusere tid til predatoraktsemd og å auke raten av næringstilgang.[10] Hakkespettar er dagaktive, og tar nattekvila inni hòla. Dei fleste artane gjer om kvileplassen til reirplass i hekketida.

Raudbrystsevjespett, Sphyrapicus ruber
Foto: Kevin Cole

Spettar lever hovudsakleg av insekt og larver plukka frå levande og daude tre. Anna føde er leddyr, saman med frø, bær, frukt, nøtter samt sevje frå levande tre. Rolla deira i økologisk samanheng er dermed å halde trea friske ved å verne mot masseåtak. Familien er kjent for evna si til å tilegne seg larver som borar i tre, men familien er samla sett karakterisert av fleksibilitet i matvaner, med mange artar som både er mykje altetande og opportunistiske. Insekt som byttedyr blir oftast funne inne trestammar, anten levande eller råte tre og inne i sprekkar i borken på trea. Desse inkluderer biller og larvene deira, maurar, termittar, edderkoppar og sommarfugllarver. Slik føde kan dei plukke på overflata eller hakke seg fram til i treverket. Etter å ha hakka eit hòl inn i trestammen, trekker spetten ut byttet med hjelp av ei lang pigga tunge. Eigenskapen dei har til å trenge inn i trestammar tillèt hakkespettar å få tilgang på tresevje, ei viktig matkjelde for nokre artar. Sevjespettane, slekta Sphyrapicus, er mest kjente for å ta føde på denne måten, men teknikken er ikkje avgrensa til denne slekta og andre som eikespett og kvithovudspett kan òg ete av sevja. Ein gong trudde ein at teknikken var avgrensa til «den nye verda», det viser seg at artar i «den gamle verda» som arabarspett og flaggspett gjer det likeins.[1]

Svartspett, Dryocopus martius
Foto: Alastair Rae

Alle medlemmer av familien Picidae er hòlerugarar, nesten alle i hòl i tre, men i ørkenar finst nokre artar som hekkar i kaktus og nokre artar hekkar i hòl grave ned i jorda. Spettar og pikulettar vil hakke ut sine eige reirplassar, men vendehalsar gjer det ikkje. Det utgravne reirhòlet er vanlegvis berre kledd med flis frå treet. Mange artar av spettar hakkar eitt hòl per hekkesesong, nokre gonger med fleire forsøk. Det tek rundt ein månad å fullføre arbeidet. Nedlagde hòl kan bli brukt av andre fuglar og pattedyr som ikkje sjølv kan hakke eller grave ut holrom.[11] Fordi hekkehòl er svært etterspurte blant andre brukarar, kan hakkespettar møte konkurranse om eigen hekkeplass frå det tidspunktet hòlet er brukbart. Konkurransen kan kome frå andre hakkespettartar, eller andre hòlehekkande fuglar som svaler og starar. Spettar kan aggressivt trakassere potensielle konkurrentar, og òg bruke andre strategiar for å redusere sjansen for å bli rant frå egga sine, til dømes hakkar raudkronespett ut reirhòlet på undersida av ei lita grein, noko som reduserer sjansen for at større artar vil ta det over og utvide hòlet.[12]

Medlemmer av Picidae er vanlegvis monogame, med nokre kolonihekkarar, og blant nokre få artar er polygami rapportert.[13] Polygami der ein hofugl får fram to kull med to hannfuglar, har òg vore rapportert hos palmespett.[14] I denne familien samarbeider begge kjønna om å få fram eit ungekull, frå reirbygging, ruging og til mating av ungar. Men blant dei fleste artane er det hannfuglen som gjer mesteparten av arbeid med hakking av reirplass og rugar dessutan på egga om natta. Eit kull vil vanlegvis bestå av 2 til 5 runde, kvite egg. Sidan desse fuglane er hòlerugarar, treng ikkje egga kamuflasjefarge og den kvite farga hjelper foreldra til å sjå egga i svakt lys. Rugetida er ca. 11-14 dagar, og det tar ca. 18-30 dagar før ungane er klåre til å forlate reiret.

Bandpikulett, Picumnus cirratus
Foto: Lip Kee Yap
Okernakkepikulett, Picumnus temminckii
Foto: dario sanches

Oversyn slekter og artar

[endre | endre wikiteksten]
Vendehals
Foto: WikimediaCommons-brukar Aelwyn
Lundspett, Melanerpes carolinus
Foto: Ken Thomas
Kardinalspett, Dendropicos fuscescens
Foto: Alan Manson
Gullspett, Colaptes auratus
Foto: Nature's Pic's (www.naturespicsonline.com)

Slekter og artar av spettar, pikulettar og vendehalsar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[15] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[16]

Vendehalsar

[endre | endre wikiteksten]

Slekt Jynx

  • Vendehals, Jynx torquilla, Eurasian Wryneck, Linné, 1758, (LC)
  • Rustvendehals, Jynx ruficollis, Rufous-necked Wryneck, Wagler, 1830, (LC)

Pikulettar

[endre | endre wikiteksten]

Slekt Picumnus 26 små pikulettar, 8–10 cm. Neotropisk region, unntatt flekkpikulett som lever i det sentrale Asia

  • Flekkpikulett, Picumnus innominatus, Speckled Piculet, Burton, 1836, (LC)
  • Amazonpikulett, Picumnus aurifrons, Bar-breasted Piculet, Pelzeln, 1870, (LC)
  • Orinocopikulett, Picumnus pumilus, Orinoco Piculet, Cabanis & Heine, 1863, (LC)
  • Selvaspikulett, Picumnus lafresnayi, Lafresnaye's Piculet, Malherbe, 1862, (LC)
  • Eldkronepikulett, Picumnus exilis, Golden-spangled Piculet, Lichtenstein, 1823, (LC)
  • Krattpikulett, Picumnus sclateri, Ecuadorian Piculet, Taczanowski, 1877, (LC)
  • Skjelpikulett, Picumnus squamulatus, Scaled Piculet, Lafresnaye, 1854, (LC)
  • Kvitbukpikulett, Picumnus spilogaster, White-bellied Piculet, Sundevall, 1866, (VU)
  • Guyanapikulett, Picumnus minutissimus, Arrowhead Piculet, Pallas, 1782, (NT)
  • Perlepikulett, Picumnus pygmaeus, Spotted Piculet, Lichtenstein, 1823, (LC)
  • Sjakkpikulett, Picumnus steindachneri, Speckle-chested Piculet, Taczanowski, 1882, (EN)
  • Varzeapikulett, Picumnus varzeae, Varzea Piculet, Snethlage, E, 1912, (EN)
  • Bandpikulett, Picumnus cirratus, White-barred Piculet, Temminck, 1825, (LC)
  • Pilspisspikulett, Picumnus dorbignyanus, Ocellated Piculet, Lafresnaye, 1845, (LC)
  • Okernakkepikulett, Picumnus temminckii, Ochre-collared Piculet, Lafresnaye, 1845, (LC)
  • Kilepikulett, Picumnus albosquamatus, White-wedged Piculet, d'Orbigny, 1840, (LC)
  • Rusthalspikulett, Picumnus fuscus, Rusty-necked Piculet, Pelzeln, 1870, (LC)
  • Rustpikulett, Picumnus rufiventris, Rufous-breasted Piculet, Bonaparte, 1838, (LC)
  • Brunpikulett, Picumnus fulvescens, Tawny Piculet, Stager, 1961, (NT)
  • Brunkinnpikulett, Picumnus limae, Ochraceous Piculet, Snethlage, E, 1924, (LC)
  • Brunbrystpikulett, Picumnus nebulosus, Mottled Piculet, Sundevall, 1866, (NT)
  • Mimosapikulett, Picumnus castelnau, Plain-breasted Piculet, Malherbe, 1862, (LC)
  • Ucayalipikulett, Picumnus subtilis, Fine-barred Piculet, Stager, 1968, (LC)
  • Olivenpikulett, Picumnus olivaceus, Olivaceous Piculet, Lafresnaye, 1845, (LC)
  • Colombiapikulett, Picumnus granadensis, Grayish Piculet, Lafresnaye, 1847, (LC)
  • Kastanjepikulett, Picumnus cinnamomeus, Chestnut Piculet, Wagler, 1829, (LC)

Slekt Verreauxia

  • Afrikapikulett, Verreauxia africana, African Piculet, Verreaux, J & Verreaux, E, 1855, (LC)

Slekt Sasia

Slekt Nesoctites

  • Storpikulett, Nesoctites micromegas, Antillean Piculet, Sundevall, 1866, (LC)

Slekt Hemicircus

Slekt Sphyrapicus Fire sevjespettar, alle lever i Nord-Amerika

Slekt Xiphidiopicus

  • Kubaspett, Xiphidiopicus percussus, Cuban Green Woodpecker, Temminck, 1826, (LC)

Slekt Melanerpes

  • Kvitspett, Melanerpes candidus, White Woodpecker, Otto, 1796, (LC)
  • Flugesnapparspett, Melanerpes lewis, Lewis's Woodpecker, Gray, 1849, (LC)
  • Guadeloupespett, Melanerpes herminieri, Guadeloupe Woodpecker, Lesson, 1830, (NT)
  • Puertoricospett, Melanerpes portoricensis, Puerto Rican Woodpecker, Daudin, 1803, (LC)
  • Raudhovudspett, Melanerpes erythrocephalus, Red-headed Woodpecker, Linné, 1758, (NT)
  • Eikespett, Melanerpes formicivorus, Acorn Woodpecker, Swainson, 1827, (LC)
  • Gullnakkespett, Melanerpes chrysauchen, Golden-naped Woodpecker, Salvin, 1870, (LC)
  • Amazonspett, Melanerpes cruentatus, Yellow-tufted Woodpecker, Boddaert, 1783, (LC)
  • Gulstrupespett, Melanerpes flavifrons, Yellow-fronted Woodpecker, Vieillot, 1818, (LC)
  • Praktspett, Melanerpes pulcher, Beautiful Woodpecker, Sclater, 1870, (LC)
  • Svartøyrespett, Melanerpes pucherani, Black-cheeked Woodpecker, Malherbe, 1849, (LC)
  • Kvitpannespett, Melanerpes cactorum, White-fronted Woodpecker, d'Orbigny, 1840, (LC)
  • Hispaniolaspett, Melanerpes striatus, Hispaniolan Woodpecker, Müller, 1776, (LC)
  • Jamaicaspett, Melanerpes radiolatus, Jamaican Woodpecker, Wagler, 1827, (LC)
  • Gullkinnspett, Melanerpes chrysogenys, Golden-cheeked Woodpecker, Vigors, 1839, (LC)
  • Gråbrystspett, Melanerpes hypopolius, Gray-breasted Woodpecker, Wagler, 1829, (LC)
  • Yucatánspett, Melanerpes pygmaeus, Yucatan Woodpecker, Ridgway, 1885, (LC)
  • Raudkronespett, Melanerpes rubricapillus, Red-crowned Woodpecker, Cabanis, 1862, (LC)
  • Kaktusspett, Melanerpes uropygialis, Gila Woodpecker, Baird, SF, 1854, (LC)
  • Hagespett, Melanerpes hoffmannii, Hoffmann's Woodpecker, Cabanis, 1862, (LC)
  • Mesquitespett, Melanerpes aurifrons, Golden-fronted Woodpecker, Wagler, 1829, (LC)
  • Lundspett, Melanerpes carolinus, Red-bellied Woodpecker, Linné, 1758, (LC)
  • Palmespett, Melanerpes superciliaris, West Indian Woodpecker, Temminck, 1827, (LC)

Slekt Picoides 2 spettar i Nord-Amerika, i tillegg til tretåspett som er ein eurasisk art

  • Tretåspett, Picoides tridactylus, Eurasian Three-toed Woodpecker, Linné, 1758, (LC)
  • Granspett, Picoides dorsalis, American Three-toed Woodpecker, Baird, SF, 1858
  • Svartryggspett, Picoides arcticus, Black-backed Woodpecker, Swainson, 1832, (LC)

Slekt Yungipicus

  • Sulawesispett, Yungipicus temminckii, Sulawesi Woodpecker, Malherbe, 1849, (LC)
  • Filippinarspett, Yungipicus maculatus, Philippine Woodpecker, Scopoli, 1786, (NR)
  • Suluspett, Yungipicus ramsayi, Sulu Woodpecker
  • Hinduspett, Yungipicus nanus, Brown-capped Woodpecker, Gmelin, 1788, (LC)
  • Sundaspett, Yungipicus moluccensis, Sunda Woodpecker
  • Akrobatspett, Yungipicus canicapillus, Gray-capped Woodpecker, Blyth, 1845, (LC)
  • Knøttspett, Yungipicus kizuki, Pygmy Woodpecker, Temminck, 1836, (LC)

Slekt Leiopicus

  • Eldkronespett, Leiopicus mahrattensis, Yellow-crowned Woodpecker, Latham, 1801, (LC)

Slekt Dendrocoptes

  • Mellomspett, Dendrocoptes medius, Middle Spotted Woodpecker, Linné, 1758, (LC)
  • Bergspett, Dendrocoptes auriceps, Brown-fronted Woodpecker, Vigors, 1831, (LC)
  • Arabarspett, Dendrocoptes dorae, Arabian Woodpecker, Bates & Kinnear, 1935, (VU)

Slekt Chloropicus 15 spettar med leveområde i Afrika

  • Gullkappespett, Chloropicus abyssinicus, Abyssinian Woodpecker, Stanley, 1814, (LC)
  • Sørgjespett, Chloropicus lugubris, Melancholy Woodpecker, Hartlaub, 1857, (LC)
  • Flekkspett, Chloropicus gabonensis, Gabon Woodpecker, Verreaux, J & Verreaux, E, 1851, (LC)
  • Sitronspett, Chloropicus elliotii, Elliot's Woodpecker, Cassin, 1863, (LC)
  • Sahelspett, Chloropicus elachus, Little Gray Woodpecker, Oberholser, 1919, (LC)
  • Flekkbrystspett, Chloropicus poecilolaemus, Speckle-breasted Woodpecker, Reichenow, 1893, (LC)
  • Kardinalspett, Chloropicus fuscescens, Cardinal Woodpecker, Vieillot, 1818, (LC)
  • Skjeggspett, Chloropicus namaquus, Bearded Woodpecker, Lichtenstein, 1793, (LC)
  • Eldbukspett, Chloropicus pyrrhogaster, Fire-bellied Woodpecker, Malherbe, 1845, (LC)
  • Gulissespett, Chloropicus xantholophus, Golden-crowned Woodpecker, Hargitt, 1883, (LC)
  • Miombospett, Chloropicus stierlingi, Stierling's Woodpecker, Reichenow, 1901, (NT)
  • Brunryggspett, Chloropicus obsoletus, Brown-backed Woodpecker, Wagler, 1829, (LC)
  • Oskehovudspett, Chloropicus goertae, African Gray Woodpecker, Müller, 1776, (LC)
  • Gråhovudspett, Chloropicus spodocephalus, Mountain Gray Woodpecker, Bonaparte, 1850, (LC)
  • Sothovudspett, Chloropicus griseocephalus, Olive Woodpecker, Boddaert, 1783, (LC)

Slekt Dendrocopos 12 spettar i Europa, Asia og Nord-Afrika

  • Ferskenspett, Dendrocopos hyperythrus, Rufous-bellied Woodpecker, Vigors, 1831, (LC)
  • Okerbrystspett, Dendrocopos macei, Fulvous-breasted Woodpecker, Vieillot, 1818, (LC)
  • Fregnespett, Dendrocopos analis, Freckle-breasted Woodpecker, Bonaparte, 1850, (LC)
  • Furuspett, Dendrocopos atratus, Stripe-breasted Woodpecker, Blyth, 1849, (LC)
  • Okinawaspett, Dendrocopos noguchii, Okinawa Woodpecker,
  • Kvitryggspett, Dendrocopos leucotos, White-backed Woodpecker, Bechstein, 1802, (LC)
  • Mosespett, Dendrocopos darjellensis, Darjeeling Woodpecker, Blyth, 1845, (LC)
  • Flaggspett, Dendrocopos major, Great Spotted Woodpecker, Linné, 1758, (LC)
  • Kvitvengspett, Dendrocopos leucopterus, White-winged Woodpecker, Salvadori, 1871, (LC)
  • Himalayaspett, Dendrocopos himalayensis, Himalayan Woodpecker, Jardine & Selby, 1831, (LC)
  • Syriaspett, Dendrocopos syriacus, Syrian Woodpecker, Hemprich & Ehrenberg, 1833, (LC)
  • Urduspett, Dendrocopos assimilis, Sind Woodpecker, Blyth, 1849, (LC)

Slekt Dryobates 25 spettar, dei fleste i Amerika, dvergspett i Eurasia, kaminbrystspett i Nepal, Butan, nordaustre India og vestre Myanmar

  • Dvergspett, Dryobates minor, Lesser Spotted Woodpecker, Linné, 1758, (LC)
  • Karminbrystspett, Dryobates cathpharius, Crimson-breasted Woodpecker, Blyth, 1843, (NR)
  • Dunspett, Dryobates pubescens, Downy Woodpecker, Linné, 1766, (LC)
  • Kaliforniaspett, Dryobates nuttallii, Nuttall's Woodpecker, Gambel, 1843, (LC)
  • Leiderspett, Dryobates scalaris, Ladder-backed Woodpecker, Wagler, 1829, (LC)
  • Kvaespett, Dryobates borealis, Red-cockaded Woodpecker, Vieillot, 1809, (VU)
  • Indianarspett, Dryobates villosus, Hairy Woodpecker, Linné, 1766, (LC)
  • Kvithovudspett, Dryobates albolarvatus, White-headed Woodpecker, Cassin, 1850, (LC)
  • Brunspett, Dryobates fumigatus, Smoky-brown Woodpecker, D'Orbigny, 1840, (LC)
  • Mexicospett, Dryobates stricklandi, Strickland's Woodpecker, Malherbe, 1845, (LC)
  • Sierramadrespett, Dryobates arizonae, Arizona Woodpecker, Hargitt, 1886, (LC)
  • Raudgumpspett, Dryobates kirkii, Red-rumped Woodpecker, Malherbe, 1845, (LC)
  • Guyanaspett, Dryobates cassini, Golden-collared Woodpecker, Malherbe, 1862, (LC)
  • Spraglespett, Dryobates spilogaster, White-spotted Woodpecker, Wagler, 1827, (LC)
  • Alvespett, Dryobates mixtus, Checkered Woodpecker, Boddaert, 1783, (LC)
  • Nymfespett, Dryobates lignarius, Striped Woodpecker, Molina, 1782, (LC)
  • Blodspett, Dryobates sanguineus, Blood-colored Woodpecker, Lichtenstein, AAH, 1793, (LC)
  • Sporvespett, Dryobates passerinus, Little Woodpecker, Linné, 1766, (LC)
  • Jadespett, Dryobates frontalis, Dot-fronted Woodpecker, Cabanis, 1883, (LC)
  • Skarlaksspett, Dryobates callonotus, Scarlet-backed Woodpecker, Waterhouse, 1841, (LC)
  • Blodnakkespett, Dryobates dignus, Yellow-vented Woodpecker, Sclater, PL & Salvin, 1877, (LC)
  • Andesspett, Dryobates nigriceps, Bar-bellied Woodpecker, d'Orbigny, 1840, (LC)
  • Jungelspett, Dryobates affinis, Red-stained Woodpecker, Swainson, 1821, (LC)
  • Chocospett, Dryobates chocoensis, Choco Woodpecker, Todd, 1919, (NT)
  • Parkspett, Dryobates maculifrons, Yellow-eared Woodpecker, von Spix, 1824, (LC)

Slekt Blythipicus

  • Skuggespett, Blythipicus rubiginosus, Maroon Woodpecker, Swainson, 1837, (LC)
  • Trollspett, Blythipicus pyrrhotis, Bay Woodpecker, Hodgson, 1837, (LC)

Slekt Reinwardtipicus

  • Oransjeryggspett, Reinwardtipicus validus, Orange-backed Woodpecker, Temminck, 1825, (LC)

Slekt Chrysocolaptes

  • Sultanspett, Chrysocolaptes guttacristatus, Greater Flameback, Tickell, 1833, (LC)
  • Javaspett, Chrysocolaptes strictus, Javan Flameback, Horsfield, 1821, (VU)
  • Luzonspett, Chrysocolaptes haematribon, Luzon Flameback, Wagler, 1827, (LC)
  • Gulkinnspett, Chrysocolaptes xanthocephalus, Yellow-faced Flameback, Walden & Layard, EL, 1872, (EN)
  • Protevsspett, Chrysocolaptes lucidus, Buff-spotted Flameback, Scopoli, 1786, (LC)
  • Eldhovudspett, Chrysocolaptes erythrocephalus, Red-headed Flameback, Sharpe, 1877, (EN)
  • Karminryggspett, Chrysocolaptes stricklandi, Crimson-backed Flameback, Layard, EL, 1854, (LC)
  • Kvitnakkespett, Chrysocolaptes festivus, White-naped Woodpecker, Boddaert, 1783, (LC)

Slekt Campephilus 11 spettar i Sentral-Amerika og Sør-Amerika

  • Inkaspett, Campephilus pollens, Powerful Woodpecker, Bonaparte, 1845, (LC)
  • Karminspett, Campephilus haematogaster, Crimson-bellied Woodpecker, Tschudi, 1844, (LC)
  • Raudhalsspett, Campephilus rubricollis, Red-necked Woodpecker, Boddaert, 1783, (LC)
  • Gladiatorspett, Campephilus robustus, Robust Woodpecker, Lichtenstein, 1818, (LC)
  • Høvdingspett, Campephilus melanoleucos, Crimson-crested Woodpecker, Gmelin, 1788, (LC)
  • Mayaspett, Campephilus guatemalensis, Pale-billed Woodpecker, Hartlaub, 1844, (LC)
  • Quipuspett, Campephilus gayaquilensis, Guayaquil Woodpecker, Lesson, 1845, (NT)
  • Kremryggspett, Campephilus leucopogon, Cream-backed Woodpecker, Valenciennes, 1826, (LC)
  • Magellanspett, Campephilus magellanicus, Magellanic Woodpecker, King, PP, 1827, (LC)
  • Elfenbeinsspett, Campephilus principalis, Ivory-billed Woodpecker, Linné, 1758, (CR)
  • Keisarspett, Campephilus imperialis, Imperial Woodpecker, Gould, 1832, (CR (PE))

Slekt Micropternus

  • Maurspett, Micropternus brachyurus, Rufous Woodpecker, Vieillot, 1818, (LC)

Slekt Meiglyptes

  • Hjelmspett, Meiglyptes tukki, Buff-necked Woodpecker, Lesson, 1839, (NT)
  • Nettingspett, Meiglyptes tristis, Buff-rumped Woodpecker, Horsfield, 1821, (EN)
  • Bleiknakkespett, Meiglyptes jugularis, Black-and-buff Woodpecker, Blyth, 1845, (LC)

Slekt Gecinulus

  • Rosenissespett, Gecinulus grantia, Pale-headed Woodpecker, Horsfield, 1840, (LC)
  • Bambusspett, Gecinulus viridis, Bamboo Woodpecker, Blyth, 1862, (LC)

Slekt Dinopium

  • Sumpspett, Dinopium rafflesii, Olive-backed Woodpecker, Vigors, 1830, (NT)
  • Flammespett, Dinopium shorii, Himalayan Flameback, Vigors, 1831, (LC)
  • Gullryggspett, Dinopium javanense, Common Flameback, Ljungh, 1797, (LC)
  • Palawanspett, Dinopium everetti, Spot-throated Flameback, Tweeddale, 1878, (NT)
  • Bengalspett, Dinopium benghalense, Black-rumped Flameback, Linné, 1758, (LC)

Slekt Picus 12 spettar i Asia

  • Eldnakkespett, Picus chlorolophus, Lesser Yellownape, Vieillot, 1818, (LC)
  • Raudvengspett, Picus puniceus, Crimson-winged Woodpecker, Horsfield, 1821, (LC)
  • Pilspisspett, Picus xanthopygaeus, Streak-throated Woodpecker, Gray, JE & Gray, 1847, (LC)
  • Skjelbukspett, Picus squamatus, Scaly-bellied Woodpecker, Vigors, 1831, (LC)
  • Raudkragespett, Picus rabieri, Red-collared Woodpecker, Oustalet, 1898, (NT)
  • Burmaspett, Picus viridanus, Streak-breasted Woodpecker, Blyth, 1843, (LC)
  • Kniplingsspett, Picus vittatus, Laced Woodpecker, Vieillot, 1818, (LC)
  • Samuraispett, Picus awokera, Japanese Woodpecker, Temminck, 1836, (LC)
  • Gråspett, Picus canus, Gray-headed Woodpecker, Gmelin, 1788, (LC)
  • Harlekinspett, Picus erythropygius, Black-headed Woodpecker, Elliot, DG, 1865, (LC)
  • Berberspett, Picus vaillantii, Levaillant's Woodpecker, Malherbe, 1847, (LC)
  • Grønspett, Picus viridis, Eurasian Green Woodpecker, Linné, 1758, (LC)

Slekt Chrysophlegma

  • Kamferspett, Chrysophlegma miniaceum, Banded Woodpecker, Pennant, 1769, (LC)
  • Gultoppspett, Chrysophlegma flavinucha, Greater Yellownape, Gould, 1834, (LC)
  • Brunkragespett, Chrysophlegma mentale, Checker-throated Woodpecker, Temminck, 1825, (LC)

Slekt Geocolaptes

  • Jordspett, Geocolaptes olivaceus, Ground Woodpecker, Gmelin, 1788, (NT)

Slekt Campethera 12 spettar avgrensa til Afrika

  • Brunøyrespett, Campethera caroli, Brown-eared Woodpecker, Malherbe, 1852, (LC)
  • Raudnakkespett, Campethera nivosa, Buff-spotted Woodpecker, Swainson, 1837, (LC)
  • Epifyttspett, Campethera tullbergi, Tullberg's Woodpecker, Sjöstedt, 1892, (LC)
  • Bronsespett, Campethera maculosa, Little Green Woodpecker, Valenciennes, 1826, (LC)
  • Grønryggspett, Campethera cailliautii, Green-backed Woodpecker, Malherbe, 1849, (LC)
  • Akasiespett, Campethera nubica, Nubian Woodpecker, Boddaert, 1783, (LC)
  • Prikkspett, Campethera punctuligera, Fine-spotted Woodpecker, Wagler, 1827, (LC)
  • Savannespett, Campethera bennettii, Bennett's Woodpecker, Smith, A, 1836, (LC)
  • Dropespett, Campethera scriptoricauda, Reichenow's Woodpecker, Reichenow, 1896, (LC)
  • Kappspett, Campethera notata, Knysna Woodpecker, Lichtenstein, 1823, (NT)
  • Bantuspett, Campethera abingoni, Golden-tailed Woodpecker, Smith, A, 1836, (LC)
  • Swahilispett, Campethera mombassica, Mombasa Woodpecker, Fischer, GA & Reichenow, 1884, (LC)

Slekt Mulleripicus

  • Oskespett, Mulleripicus fulvus, Ashy Woodpecker, Quoy & Gaimard, 1832, (LC)
  • Sotspett, Mulleripicus funebris, Northern Sooty-Woodpecker, Valenciennes, 1826, (NT)
  • Blodkinnspett, Mulleripicus fuliginosus, Southern Sooty-Woodpecker, Tweeddale, 1877, (VU)
  • Skiferspett, Mulleripicus pulverulentus, Great Slaty Woodpecker, Temminck, 1826, (VU)

Slekt Dryocopus Seks svartspettar i ei kosmopolitisk slekt, inkludert svartspett i Europa og Asia

  • Stripesvartspett, Dryocopus lineatus, Lineated Woodpecker, Linné, 1766, (LC)
  • Kvitbrynsvartspett, Dryocopus pileatus, Pileated Woodpecker, Linné, 1758, (LC)
  • Chacosvartspett, Dryocopus schulzi, Black-bodied Woodpecker, Cabanis, 1883, (NT)
  • Kvitbuksvartspett, Dryocopus javensis, White-bellied Woodpecker, Horsfield, 1821, (LC)
  • Andamansvartspett, Dryocopus hodgei, Andaman Woodpecker, Blyth, 1860, (VU)
  • Svartspett, Dryocopus martius, Black Woodpecker, Linné, 1758, (LC)

Slekt Celeus 13 spettar i Sentral-Amerika og Sør-Amerika

  • Raudstrupespett, Celeus loricatus, Cinnamon Woodpecker, Reichenbach, 1854, (LC)
  • Svartbrystspett, Celeus torquatus, Ringed Woodpecker, Boddaert, 1783, (NT)
  • Morionspett, Celeus galeatus, Helmeted Woodpecker, Temminck, 1822, (VU)
  • Kastanjespett, Celeus castaneus, Chestnut-colored Woodpecker, Wagler, 1829, (LC)
  • Vatrespett, Celeus grammicus, Scale-breasted Woodpecker, Natterer & Malherbe, 1845, (LC)
  • Riflingspett, Celeus undatus, Waved Woodpecker, Linné, 1766, (LC)
  • Kremspett, Celeus flavus, Cream-colored Woodpecker, Müller, 1776, (LC)
  • Fakkelspett, Celeus spectabilis, Rufous-headed Woodpecker, Sclater, PL & Salvin, 1880, (LC)
  • Brunhovudspett, Celeus obrieni, Kaempfer's Woodpecker, Short, 1973, (EN)
  • Okerspett, Celeus ochraceus, Ochre-backed Woodpecker
  • Sjokoladespett, Celeus elegans, Chestnut Woodpecker, Müller, 1776, (LC)
  • Fagerspett, Celeus lugubris, Pale-crested Woodpecker, Malherbe, 1851, (LC)
  • Blondinespett, Celeus flavescens, Blond-crested Woodpecker, Gmelin, 1788, (LC)

Slekt Piculus Sju spettar i neotropisk region

  • Nicaraguaspett, Piculus simplex, Rufous-winged Woodpecker, Salvin, 1870, (LC)
  • Panamaspett, Piculus callopterus, Stripe-cheeked Woodpecker, Lawrence, 1862, (LC)
  • Kvitstrupespett, Piculus leucolaemus, White-throated Woodpecker, Natterer & Malherbe, 1845, (LC)
  • Colombiaspett, Piculus litae, Lita Woodpecker, Rothschild, 1901, (LC)
  • Paprikaspett, Piculus flavigula, Yellow-throated Woodpecker, Boddaert, 1783, (LC)
  • Brasilspett, Piculus chrysochloros, Golden-green Woodpecker, Vieillot, 1818, (LC)
  • Gulbrynspett, Piculus aurulentus, White-browed Woodpecker, Temminck, 1821, (NT)

Slekt Colaptes 12 spettar med utbreiing frå Alaska til Chile

  • Olivenspett, Colaptes rubiginosus, Golden-olive Woodpecker, Swainson, 1820, (LC)
  • Gråkronespett, Colaptes auricularis, Gray-crowned Woodpecker, Salvin & Godman, 1889, (LC)
  • Karnevalsspett, Colaptes rivolii, Crimson-mantled Woodpecker, Boissonneau, 1840, (LC)
  • Svartstrupespett, Colaptes atricollis, Black-necked Woodpecker, Malherbe, 1850, (LC)
  • Svartpannespett, Colaptes punctigula, Spot-breasted Woodpecker, Boddaert, 1783, (LC)
  • Caatingaspett, Colaptes melanochloros, Green-barred Woodpecker, Gmelin, 1788, (LC)
  • Gullspett, Colaptes auratus, Northern Flicker, Linné, 1758, (LC)
  • Saguarospett, Colaptes chrysoides, Gilded Flicker, Malherbe, 1852, (LC)
  • Kubamarkspett, Colaptes fernandinae, Fernandina's Flicker, Vigors, 1827, (VU)
  • Chilemarkspett, Colaptes pitius, Chilean Flicker, Molina, 1782, (LC)
  • Spydmarkspett, Colaptes rupicola, Andean Flicker, d'Orbigny, 1840, (LC)
  • Gullmarkspett, Colaptes campestris, Campo Flicker, Vieillot, 1818, (LC)

Artslista for Noreg

[endre | endre wikiteksten]

I Noreg hekkar desse hakkespettane:

I tillegg hekkar vendehals Jynx torquilla i Noreg.

  • Cracraft, Joel & Morony, John J. Jr. (1969): A new Pliocene woodpecker, with comments on the fossil Picidae. American Museum Novitates 2400: 1-8. PDF fulltext
  • Grimaldi, David A. & Case, Gerard Ramon (1995): A feather in amber from the Upper Cretaceous of New Jersey. American Museum Novitates 3126: 1-6. PDF fulltext
  • Johansson, U.S. & Ericson, G.P. (2003): Molecular support for a sister group relationship between Pici and Galbulae (Piciformes sensu Wetmore 1960). Journal of Avian Biology 34(2): 185-197. PDF fulltext
  • Moore, William S.; Weibel, Amy C. & Agius, Andrea (2006): Mitochondrial DNA phylogeny of the woodpecker genus Veniliornis (Picidae, Picinae) and related genera implies convergent evolution of plumage patterns. Biological Journal of the Linnean Society 87(4): 611–624. PDF fulltext Arkivert 2011-09-29 ved Wayback Machine.
  • Villard, P.; Cuisin, J. & Karasov, W.H. (2004). How do woodpeckers extract grubs with their tongues? A study of the Guadeloupe woodpecker (Melanerpes herminieri) in the French Indies. Auk 121: 509-514. HTML abstract
  • Webb, Daniel Matthew & Moore, William S. (2005): A phylogenetic analysis of woodpeckers and their allies using 12S, Cyt b, and COI nucleotide sequences (class Aves; order Piciformes). Molecular Phylogenetics and Evolution 36(2): 233-248. PDF fulltext Arkivert 2012-02-24 ved Wayback Machine.
  1. 1,0 1,1 1,2 Winkler, Hans; Christie, David A. (2002). «Family Picidae (Woodpeckers)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. Jacamars to woodpeckers. Handbook of the Birds of the World. Band 7. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 84-87334-37-7. 
  2. Johansson & Ericson (2003)
  3. BirdLife International (2014) Species factsheet: Campephilus principalis Arkivert 2016-04-18 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 2. november 2014.
  4. BirdLife International (2014) Species factsheet: Campephilus imperialis Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 2. november 2014.
  5. Villard, Pascal; Jacques Cuisin (2004). «How do woodpeckers extract grubs with their tongues? A study of the Guadeloupe woodpecker (Melanerpes herminieri) in the French Indies». Auk 121 (2): 509–514. 
  6. Gibson L. (2006) Woodpecker pecking: how woodpeckers avoid brain injury Journal of Zoology 270: 462–465
  7. Schwab I (2002) Cure for a headache British Journal of Ophthalmology 86 : 843
  8. Korol, Jerome; Richard Hutto (1984). «Factors Affecting Nest Site Location in Gila Woodpeckers» (PDF). Condor 86 (1): 73–78. Arkivert frå originalen (PDF) 7. juni 2011. Henta 15. mai 2011. 
  9. Reichlin, Thomas; Michael Schaub; Myles H. M. Menz; Murielle Mermod; Patricia Portner; Raphaël Arlettaz; Lukas Jenni (2008). «Migration patterns of Hoopoe Upupa epops and Wryneck Jynx torquilla : an analysis of European ring recoveries». Journal of Ornithology 150: 393. 
  10. Kimberly, Sullivan (1984). «Information Exploitation By Downy Woodpeckers in Mixed-Species Flocks». Behavior 91 (4): 294–311. 
  11. Kotaka N & S Matsuoka (2002) Secondary users of Great Spotted Woodpecker (Dendrocopos major) nest cavities in urban and suburban forests in Sapporo City, northern Japan[daud lenkje]. Ornithological Science 1 (2): 117-122
  12. Short, Lester L. (1979). «Burdens of the Picid Hole-Excavating Habit» (PDF). Wilson Bulletin 91 (1): 16–28. Arkivert frå originalen (PDF) 11. februar 2012. Henta 15. mai 2011. 
  13. Wiktander, Ulf; Ola Olsson; Sven G. Nilsson, (2000). «Parental care and social mating system in the Lesser Spotted Woodpecker Dendrocopos minor». Journal of Avian Biology 31 (4): 447–456. 
  14. Willimont, LA; Jackson, JA; Jackson, BJS (1991). «Classical polyandry in the West Indian woodpecker on Abaco, Bahamas» (PDF). Willson Bulletin 103: 124–125. Arkivert frå originalen (PDF) 27. mai 2012. Henta 15. mai 2011. 
  15. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  16. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Spettefamilien