Skorpa
Utsjånad
Skorpa er namnet på fleire stadar i Noreg.
- Store Skorpa er ei øy i Austevoll kommune i Vestland fylke.
- Skorpa er ei øy i Gulen kommune i Vestland fylke.
- Skorpa er ei øy i Hyllestad kommune i Vestland fylke.
- Skorpa er ei øy i Herøy kommune i Møre og Romsdal.
- Skorpa er ei øy i Kinn kommune i Vestland fylke.
- Skorpa er ei øy i Kristiansund kommune i Møre og Romsdal.
- Skorpa er ei øy i Dønna kommune på Helgeland i Nordland.
- Skorpa er ei øy i Steigen kommune i Nordland.
- Skorpa er ei øy i Kvænangen kommune i Troms.
- Skorpa er eit fjell i Bykle kommune i Agder.
- Skorpa er eit fjell i Suldal kommune i Rogaland.
- Skorpa er eit fjell i Hol kommune i Buskerud.
- Skorpa fuglereservat er eit naturreservat som omfattar holmane vest for Harpunodden på Danskøya nordvest på Svalbard.
Skorpa òg namn på fleire gardar og på fleire holmar.
Tyding av namnet
[endre | endre wikiteksten]Skorpa finst som øynamn mange stader langs kysten, i nokre tilfelle også som fjellnamn inne i landet. I nokre tilfelle går namnet attende til mellomalderen, det er nemnt av Snorre i Soga om Magnus Erlingsson, i Aslak Bolt si jordebok og i skattelistene for tiendpengeskatten. Namnet kan opphavleg ha vore Skarpa og ha samanheng med adjektivet skarp.
Etter Norsk Ordbog av Hans Ross 1895 tyder ei skorpa ei skarp arrig og vrangvillig kvinne.
Skorpa som slektsnamn
[endre | endre wikiteksten]Skorpa er eit slektsnamn som 21 hadde per mars 2005.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Skorpa hjå Statistisk Sentralbyrå
- Forklaring til namnet Skorpen i Kinn etter O. Rygh Norske Gaardnavne