Bykle kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Bykle» omdirigerer hit. For administrasjonssenteret i kommunen, sjå Bykle kyrkjebygd.
Bykle kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Aust-Agder
Adm.senter Bykle
Areal 1 467 km²
 - land 1 265 km²
 - vatn 202 km²
Folketal 945 (1. januar 2016)
Folketettleik 1 / km²
Målform nynorsk
Ordførar Jon-Rolf Næss (Ap)
Kommunenummer 0941
NO 0941 Bykle.svg
Wikimedia Commons: Bykle
Nettstad: www.bykle.kommune.no
Frå vintersportsstaden Hovden i Bykle kommune med Otra i forgrunnen og alpinbakkane i bakgrunnen

Bykle kommune er ein kommune i Aust-Agder fylke. Kommunen grensar i nord til Vinje, i aust til Tokke, i sør til Valle, Sirdal og Forsand, og i vest til Hjelmeland og Suldal.

Bykle er den kommunen som brukar mest pengar på kultur per innbyggjar.[1] Bykle har store vasskraftressursar, og store delar av inntektene til kommunen kjem frå produksjon av elektrisitet frå vasskraft.

Riksveg 9 (Haukeli–Kristiansand) går nord–sør gjennom kommunen. På Haukeli i Vinje vert han forbunde til E 134 (Drammen–Haugesund).

Natur og geografi[endre | endre wikiteksten]

Denne nordlege delen av Agder høyrer til det svekonorvegiske grunnfjellsskjoldet, og består av to geologiske hovedformasjoner av proterozoiske bergarter som er danna under dei gotiske og seinare svekonorvegiske fjellkjedeforldingene, med sterk metamorfose under den sistnemnde.[2] Eit underlag av 1 600 - 1 450 millionar år gammal skifer, kvartsitt, marmor og amfibolitt med noko hornblendegneis, og ovanpå dette sure overflatestrukturane av både granitt og granodioritt (høvesvis 1 250 - 1 000 mill år gammalt, og stedvis 1 550 - 1 480 millionar år gammalt). I kommunen er det ca 1 000 millionar år gammal granitt som dominerer. Dei yngste svekonorvegiske danningane bevitnes av større formasjonar av granitt. Den kaledonske fjellkjedefoldinga nådde ikkje ned hit. Forkastningane går både i sørvest-nordaustleg retning, og i sør/nord-retning der det går ei stor forkastningsline.[3] 

Elver:[endre | endre wikiteksten]

Hovedvassdraget i Bykle og Setesdaler Otra. Størstedelen av kommunen, med unntak av eit lite område på grensa mot Tokke i aust og eit noko større område i sørvest blir drenert i Otra. 

Fjell:[endre | endre wikiteksten]

Bykle kommune er prega av store høyfjellsområder både på aust- og vestsida av hoveddalføret. Terrenget er stort sett mellom 1000 og 1200 moh, og innehar mange avrundete fjell. Mot vasskilet i aust og vest strekkjer dei høgaste toppane seig mot 1500 moh Det er ingen isbrear i Bykle, men det finst snøfonner i området ved Svartepodd i nordvest som berre forsvinn i særs varme somrar.  Sæbyggjenuten (1507 moh) er høgaste punkta i Bykle kommune og Aust-Agder fylke. Primærfaktor 317 m 

Vatn:[endre | endre wikiteksten]

Den småkuperte topografien gjer at det i Bykle finst hundrevis av vatn. Nord for Vatnedalsvatn er grunnen kalkrik, slik at fiskebestanden er god, til trass for sur nedbør i tidlegare tider. Ørret er einaste naturlege fiskeslag i Bykle.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Kulturminneåret 1997 vart Byklestigen valt til Bykle kulturminnet til kommune. 

Tusenårstad:[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg vart Hovden sentrum valt til tusenårsstad for Bykle kommune, og ein skulptur med eit tusen år gammal myrmalmklump skulle markere staden. Seinare vart staden flytta til Hegni på Hovden, der ein skulptur markerer staden i Hegni Friluftområde.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Om Bykle. Bykle kommune. Vitja 30. juni 2013.
  1. Bykle på kulturtoppen. NRK Sørlandet (24. august 2011). Vitja 30. juni 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]