Hopp til innhald

Skåbu kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skåbu kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Nord-Fron
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Nord-Gudbrandsdal
Fellesråd Nord-Fron
Type krosskyrkje
Arkitekt Knut villa[1]
Teknikk tømra[1]
Material tre
Innvigd 1927[1]
Kyrkjegard Attmed kyrkja
Sitjeplassar 150[1]
Kart
Skåbu kyrkje
61°31′43″N 9°24′57″E / 61.52861111°N 9.41583333°E / 61.52861111; 9.41583333
Wikimedia Commons: Skåbu kirke

Skåbu kyrkje er ei krosskyrkje som står i Skåbu i Nord-Fron kommune.

Kyrkja vart innvigd i 1927. Fram til då hadde Skåbu delt kyrkjehus saman med Kvikne. Skåbu kyrkje vart teikna og reist av Knut Villa frå Vågå. Altertavla og preikestolen er skorne ut i 1930–31 av Per Haugen, òg frå Vågå, i akantus-stil og måla av Halvdan Davidsen frå Oslo. Haugen har òg laga døypefronten i kleberstein. Veggteppet med motiv frå langfredag er vove av Sigrid Mohn frå Oslo.

Byggverket er i tømmer og kyrkja har 150 plassar.[1]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]