Sleggje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg sleggjekast
Sleggje sett ovanfrå.

Ei sleggje er ein stor, tung hammartype med langt skaft. Hovudet er som regel av metall. Det er sjeldan heilt spisst, men kan i staden vera flatt eller avrunda.

Ein som bruker sleggja vil som regel halda skaftet i begge hendene og slenga henne rundt med heile overkroppen. All krafta blir samla i hovudet, som vil treffa målet med stor kraft.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Sleggjer kan brukast til å bryta sund berg og grunn og riva ned byggverk. Dei er viktige reiskap i byggjekunst, transportutbygging, gruvedrift og geologisk feltarbeid.

Sleggjer er blitt brukte i kunst og andre offentlege uttrykk, mellom anna i det kjende diktet «Sleggja» av Olav H. Hauge og i songen «Sledgehammer» av Peter Gabriel. Bruk av sleggje på eit eller anna vis er ikkje uvanleg i opptredenar eller demonstrasjonar der utøvaren ønskjer å uttrykka «vald» eller «kraft».

Reiskapen er òg brukt som retorisk metafor for tungtslåande, ureflekterte argument.