Slepkolibriar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slepkolibriar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae
Stamme: Lesbiini
Slekt: Slepkolibriar Lesbia
Lesson, 1833
Artar
Svartslepkolibri
Grønslepkolibri

Slepkolibriar er ei biologisk slekt Lesbia av kolibriar med to medlemmer som har eit leveområde frå Colombia til Bolivia. Slekta er ein del av stammen Lesbiini, «koketter», innanfor underfamilien Lesbiinae.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Slepkolibriar er små kolibriar der hannfuglar har ekstremt lang og kløfta hale. Den største arten er svartslepkolibri, med hale på opptil 18 cm og kan få ei total kroppslengd på 24-26 cm. Hoa av same art har òg lang hale med total kroppslengd på opptil 14,5 cm. Grønslepkolibri har kortare lengd, høvesvis 16,5 og 11 cm. Nebba er relativt korte. Dei har dels overlappande utbreiing og lever i habitat av krattskog i austre og sentrale Andesfjella, 2000-3800 moh., svartslepkolibri høgast og inn i páramo til 4000 m i Colombia og Ecuador.[1][2][3]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Slepkolibriar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[4] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[5] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[6]

  • Svartslepkolibri, Lesbia victoriae, Black-tailed trainbearer, (Bourcier & Mulsant, 1846), (LC)
  • Grønslepkolibri, Lesbia nuna, Green-tailed trainbearer, (Lesson, RP, 1832), (LC)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II, s. 249, Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
  2. Züchner, T., P. F. D. Boesman, and G. M. Kirwan (2020). Green-tailed Trainbearer (Lesbia nuna), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.grttra1.01
  3. Züchner, T., P. F. D. Boesman, and G. M. Kirwan (2020). Black-tailed Trainbearer (Lesbia victoriae), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.blttra1.01
  4. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 6. juli 2023. 
  5. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 6. juli 2023. 
  6. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 6. juli 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Slepkolibriar