Songen Strange Days

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Strange Days
Song av The Doors
frå albumet Strange Days
Utgjeve 7. oktober 1967
Innspelt mai og august 1967
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 3:05
Selskap Elektra
Låtskrivar(ar) Jim Morrison
Ray Manzarek
Robbie Krieger
John Densmore
Produsent Paul A. Rothchild

«Strange Days» er ein song av The Doors. Han kom ut i 1967 og er opningssporet på albumet med same namn. I følgje ei melding på Allmusic av Tom Maginnis, ser songen ut til å finne songaren Jim Morrison «gruble over tilstanden til det gryande hippiemiljølet og korleis dei vart sett på av ålmenta eller det 'streite' samfunnet.» The Doors vitja New York City og dette inspirerte Jim Morrison til å skrive «Strange Days» og andre songar på Strange Days.

I følgje No One Here Gets Out Alive er «Strange Days» ein av dei første gongane Moog synthesizer vart nytta i rock, spelt av Ray Manzarek. Synthen vart sett opp med hjelp av Paul Beaver.

To musikkvideoar vart laga for songen. Den første synte bilete av bandet bak scenen og på scenen, samt Jim Morrison som køyrer bilen sinn i ei sandhole og hoppar på panseret i frustrasjon. Den andre syner dei same sirkusartistane som på plateomslaget til albumet, som utforskar New York City. Det inneheld òg bilete av andre folk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]