Sporvognstrafikk i Asia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trikk i Tianjin i 1906.

Bortsett frå i Japan har Asia relativt lite sporvognstrafikk.

Japan[endre | endre wikiteksten]

Trikk i Hiroshima.

Fleire japanske byar har trikkesystem. Dette gjeld mellom anna Sapporo og HakodateHokkaido; Tokyo, Kamakura, Kyoto, Osaka og HiroshimaHonshu; Matsuyama og KochiShikoku; og Fukuoka, Nagasaki, Kumamoto og KagoshimaKyushu. Nokre av desse går vidare inn i nabodistrikta.

Sporvogn med to etasjar i Hong Kong.

Kina[endre | endre wikiteksten]

I Hong Kong går framleis dei tradisjonelle engelske trikkane med to etasjar langs nordkysten av Hong Kong-øya. I nyare tid er KCRC Light Rail teke i drift i nordvest.

Dei einaste byane på fastlandskina med sporvognstrafikk er kyst- og feriebyen Dalian i Liaoning, som hadde tre linjer i drift i 2003, Anshan i Liaoning og Changchun i Jilin. Trikkelinja i Shanghai blei lagt ned på 1960-talet.

India[endre | endre wikiteksten]

Sporvogn med to etasjar i Bombay på 1920-talet.

Kolkata (Calcutta) er den einaste byen i India som framleis har sporvogner. Tidlegare hadde òg Chennai (Madras), Kanpur og Mumbai (Bombay) trikkesystem, men desse er no lagde ned.

Filippinane[endre | endre wikiteksten]

Trikkesystemet i Manila blei øydelagd under andre verdskrigen og er blitt erstatta med jarnbane og metro.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sporvognstrafikk i Asia
Spire Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.