Sporvognstrafikk i Nord-Amerika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sporvogn av PCC-modellen i San Francisco.

Ei av verdas fyrste sporvognsliner blei oppretta i 1882, frå New York City til HarlemManhattan i USA. New Orleans fekk si line i 1834. På eit tidspunkt hadde dei fleste større byar sporvognstrafikk. Det same var tilfelle i Canada.

1950-talet var dei fleste linene lagt ned. Attende stod etter kvart berre Toronto i Canada (framleis nord-amerikas største linenett) og Boston, Newark, New Orleans, Philadelphia, Pittsburgh og den særprega kabelbanen i San Francisco.

I seinare tid har sporvognsdrifta blitt teke opp att i fleire byar. I Canada gjeld det Edmonton, Ottawa og Calgary. Systemet i Edmonton var det fyrste moderne anlegget i nordamerika. I USA har det kome ny system i San Diego, Baltimore, Buffalo, Denver, Hoboken, Los Angeles, Minneapolis, Portland, Sacramento, Saint Louis, Salt Lake City, San Jose og Vancouver. Fleire av dei gamle systema er og kraftig modernisert og utvida. Som i Europa er det bybanar det blir bygd mest av.

Nostalgi[endre | endre wikiteksten]

Det går liner med gamalt materiell i Boston og San Francisco. I Vancouver, San Pedro, Little Rock, Memphis, Tampa, Seattle, Charlotte, New Orleans (Canal Street-lina) og Philadelphia (Girard Street-lina) går det kopiar av gamle vognar.