Stanghelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 22. mars 2016 kl. 06:23 av Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag) (Legg til 'Autoritetsdata' nederst på sida)
Stanghelle
stad
Stanghelle Vest sett frå Flatafjellet
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Vaksdal
Areal 0,39 km²
Folketal 756  (2023)
Folketettleik 1 938 / km²
Postnummer 5724 STANGHELLE
Innbyggjarnamn stanghelling
Preposisjon Stanghelle
Kart
Stanghelle
60°33′00″N 5°44′00″E / 60.55°N 5.73333°E / 60.55; 5.73333
Wikimedia Commons: Stanghelle

Stanghelle er ein tettstad i Vaksdal kommune i Hordaland fylke. Staden ligg fint til ved Veafjorden og Dalevågen, omringa av høge fjell. E16 og Bergensbanen/Vossabanen går gjennom staden.

Stanghelle sett frå Rispingen på Osterøy.

Det bur om lag 800 menneske på Stanghelle, fordelt på det som vert kalla Stanghelle Aust og Stanghelle Vest, som er delt av Dalevågen, men forbunde med Vågen bru. På Stanghelle finst det fire viktige arbeidsplassar; Coop marked, Instyle hår- og solstudio, Stanghelle Barnehage og Stanghelle barneskule.

Småstadane Fossmark i sør, Helle i nord og Hesjedalen i vest på Osterøya vert ofte rekna å høyra til Stanghelle. Dei næraste større tettstadane til Stanghelle er Dale sju km. mot nord og Vaksdal som ligg ti km. mot sør.

Kjente stanghellingar er Trond Egil Soltvedt, tidlegare Premier League-proff, og Harald Stanghelle, tidlegare Dagbladet-redaktør, no politisk redaktør for Aftenposten.

Kjelder

Fotnotar

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.