Staurolitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Staurolitt
Staurolite-26463.jpg
Staurolitt from Pestsovje Keivyj i Keiviyfjella på Kolahalvøya i Murmanskaja oblast i Russland, 2,5 x 2,2 x 1 cm
Generelt
KategoriNesosilikat
Kjemisk formelFe2+2Al9Si4O22(O,OH)2[1]
Strunz-klassifisering09.AF.30
KrystallsymmetriMonoklin prismatisk
H-M-symbol: (2/m)
Romgruppe: C 2/m
Einingscellea = 7,86 Å, b = 16,6 Å,
c = 5,65 Å; β = 90,45°; Z=2
Identifikasjon
FargeMørk raudbrun til svartaktig brun, gulbrun, sjeldan blå; bleik gylden gul i tynne delar
KrystallformVanlegvis i prismatiske krystall
KrystallsystemMonoklin
TvillingVanlegvis som 60° tvillingar, mindre vanleg som 90° krossforma tvillingar
Kløyvtydeleg på {010}
BrotUndermuslig
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala7 - 7,5
GlansSubglasaktig til harpiksaktig
StrekfargeKvit til gråaktig
TransparensGjennomsiktig til ugjennomsiktig
Spesifikk vekt3,74 - 3,83 målt. 3,686 utrekna.
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (+)
Brytingsindeksnα = 1,736 - 1,747 nβ = 1,740 - 1,754 nγ = 1,745 - 1,762
Dobbeltbrytingδ = 0,009 - 0,015
PleokroismeX = fargelaus; Y = bleik gul; Z = gylden gul; Z>Y>X
2V-vinkelMålt: 88°, Utrekna: 84° til 88°
Dispersjon (spreiing)r > v; svak
Kjelder[2][3][4]

Staurolitt er eit raudbrunt mineral som opptrer i aluminiumrike metamorfe bergartar, særleg i glimmerskifrar og gneisar, ofte saman med kyanitt og granat. Det er eit hydroksylhaldig jernaluminium-silikat, Fe2Al9(Si,Al)4O22(OH)2. Hardleiken er stor, 7–7½. Mineralet dannar karakteristiske krossforma tvillingar, med vinkel på 90 eller 60°. Krystallsymmetrien er monoklin (pseudorombisk).[5]

I Noreg er det mellom anna kjent i større krystall frå Nesodden ved Oslo og frå Trondheimsfeltet. Staurolittførande bergartar har vore brukt som møllestein (mellom anna selbukvernstein).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Klein, Cornelis and Cornelius S. Hurlbut, Jr., Manual of Mineralogi, Wiley. 20th ed., 1985, p. 382 - 3 ISBN 0-471-80580-7
  2. http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/staurolite.pdf Handbook of Mineralogi
  3. http://www.mindat.org/show.php?id=3753&ld=1&pho= Mindat.org
  4. http://webmineral.com/data/Staurolite.shtml Webmineral data
  5. H. J. Rösler 1984, Lehrbuch der Mineralogie 3. Auflage, side 489, VEB Deutscher Verlag für Grundstoffindustrie,Leipzig

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]