Steve Porcaro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Steve Porcaro
Joseph Williams and Steve Porcaro Orebro Sweden 2013.jpg
Steve Porcaro (høgre) under 35-årsjubileumsturneen i Örebro i Sverige 3. juli 2013
Fødd2. september 1957 (61 år)
FødestadHartford
FødenamnSteven Maxwell Porcaro
OpphavHartford i Connecticut i USA
Aktiv1977–
SjangerPoprock
InstrumentKlaverinstrument, programmering, trekkspel
Verka somKlaverspelar, komponist, programmerar
FarJoe Porcaro

Steven Maxwell «Steve» Porcaro (fødd 2. september 1957) er ein amerikansk klaverspelar og komponist, som var opphavleg medlem i rockebandet Toto.[1] Han er òg den einaste overlevande av Porcaro-medlemmane etter brørne Jeff og Mike som døydde i høvesvis 1992 og 2015.

Porcaro skreiv eller var medlåtskrivar på minst ein song på dei første seks albuma til Toto, med unntak av Isolation. I motsetnad til bandmedlemmane song han sjeldan på songane.[2] Han slutta i Toto i 1986 etter Fahrenheit for å konsentrere seg fullt som låtskrivar. Porcaro skreiv musikken til songen «Human Nature» og produserte synthesizeren for «The Girl Is Mine» frå Michael Jackson-albumet Thriller, og spelte med Gary Wright på turneen hans i 1977.

Porcaro har halde fram å arbeide med Toto i seinare år. Han har òg samarbeidd med artistar som Yes (på Union) og Jefferson Airplane (på Jefferson Airplane). Han var medlem i det kortvarige bandet til Chris Squire, The Chris Squire Experiment, i 1992.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hogan, Ed. «Biography: Steve Porcaro». AMG. Henta 29. oktober 2015. 
  2. «Lea", Toto99.com. Henta 27. oktober 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]