The Girl Is Mine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Girl Is Mine
Singel av Michael Jackson og Paul McCartney
frå albumet Thriller
B-side «Can't Get Outta the Rain»
Utgjeve 18. oktober 1982
Innspelt 14. til 16. april 1982
Studio Westlake Studios i Los Angeles
Sjanger Softrock[1]
Lengd 3:42
Selskap
Låtskrivar(ar) Michael Jackson
Produsent
Michael Jackson-kronologi
«One Day in Your Life»
(1981)
The Girl Is Mine «Billie Jean»
(1983)
Paul McCartney-kronologi
«Tug of War»
(1982)
The Girl Is Mine «Say Say Say»
(1983)


«The Girl Is Mine» er ein song av Michael Jackson og Paul McCartney. Songen vart skriven av Jackson og produsert av Jackson og Quincy Jones. Han vart gjeven ut som den første singelen frå det sjette soloalbumet til Jackson, Thriller (1982). Songen vart spelt inn i Westlake Studios i Los Angeles frå 14. til 16. april 1982. Året før hadde Jackson og McCartney spelt inn «Say Say Say» og «The Man» for McCartney-albumet Pipes of Peace (1983). Sjølv om han vart gjeven ut på singel, song Jackson aldri songen på konsertane sine.

«The Girl Is Mine» vart ein suksess og nådde toppen av R&B-lista i USA. Singelen nådde andreplassen på Billboard Hot 100 og åttandeplassen i Storbritannia. Innan 1985 hadde han seld 1,3 millionar eksemplar og fekk etter kvart platinaplate i USA.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

«The Girl Is Mine» vart skriven ferdig av Jackson medan han såg på teiknefilmar i lag med Paul McCartney.[2] Produsenten Quincy Jones hadde først bede Jackson om å skrive ein song om to menn som kranglar om ei jente. Jackson var inspirert og vakna ei natt og song songen inn på kassett. Han sa seinare, «Eg song nøyaktig det eg høyrde i hovudet, starta med melodien og klaver og strykarar og alt. Så eg berre song alt inn på lydbandet». Jones bad òg Jackson om å leggje til eit rap-vers.[3] Songen vart så spelt inn av Jackson og McCartney i Westlake Studios i Los Angeles frå 14. til 16. april 1982. Året før hadde duoen spelt inn «Say Say Say» og «The Man» for det femte soloalbumet til McCartney, Pipes of Peace (1983).[4]

Jackson sa at innspelinga av «The Girl Is Mine» var ein av dei kjekkaste stundene han hadde hatt i studio. Han sa «Ein av favorittsongane mine som soloartist er truleg 'The Girl is Mine', fordi det var verkeleg spanande å arbeide med Paul McCartney og me hadde det rett og slett gøy. Det var mykje tull og tøys, og kaste ting rundt og spøkje med kvarandre. Me spelte faktisk inn instrumentspora og vokalen på direkten samstundes, og det vart filma, men har aldri blitt vist. Kanskje me ein gong viser det til dykk».[4] Filmklippa vart seinare viste under The Paul McCartney World Tour.[4]

Mange medlemmar frå Toto deltok på innspelinga med David Paich (piano), Jeff Porcaro (trommer), Steve Lukather (gitar) og Steve Porcaro (synthesizerprogrammering).

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Trass i innspelinga av «Say Say Say» og «The Man» året før, var «The Girl Is Mine» den første songen duoen gav ut og den første singelen frå Thriller. «The Girl Is Mine» kom ut på singel 18. oktober 1982. Biletet på singelen vart teke av kona til McCartney, Linda.[4] Lyttarane var ikkje imponerte av «The Girl Is Mine», og tenkte at Thriller kom til å bli skuffande. Fansen følte at produsenten Quincy Jones og Jackson hadde laga ein song for eit kvitt publikum.[2] Trass i uroa vart «The Girl Is Mine» ein suksess på singellistene. Han toppa R&B-lista til Billboard i USA og nådde andreplassen på Billboard Hot 100 (bak «Maneater» av Hall & Oates og «Down Under» av Men at Work) og på den norske VG-lista.[4][5] «The Girl Is Mine» gjekk òg til topps på Hot Adult Contemporary Tracks-lista.[6] Songen nådde åttandeplassen i Storbritannia og Topp 20 i New Zealand.[4][5] I 1985 hadde singelen selt 1,3 millionar eksemplar.[3] Singelen hadde seinare selt til platinaplate i USA for minst ein million selde eksemplar.[7]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982-1983) Plassering
Den nederlandske singellista[5] 16
Irish Singles Chart[8] 4
Den norske VG-lista[9] 2
UK Singles Chart[4] 8
US Billboard Hot 100[4] 2
US R&B Singles Chart[4] 1
US Adult Contemporary Chart[4] 1

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Girl Is Mine 2008[endre | endre wikiteksten]

The Girl Is Mine 2008
Singel av Michael Jackson featuring will.i.am
frå albumet Thriller 25
Utgjeve 14. januar 2008 (Digital download)
25. januar 2008 (Europe CD)
4. februar 2008 (UK CD)
Innspelt November 2007
Sjanger
Lengd 3:11
Selskap
Låtskrivar(ar)
Produsent
Michael Jackson-kronologi
«One More Chance»
(2003)
The Girl Is Mine 2008 «Wanna Be Startin' Somethin' 2008»
(2008)
will.i.am-kronologi
«I Want You»
(2007)
The Girl Is Mine 2008 «Heartbreaker»
(2008)


For Thriller 25, eit album som feira 25-årsjubileet til Thriller miksa Black Eyed Peas-songaren will.i.am «The Girl Is Mine» på ny.[10] Med namnet «The Girl Is Mine 2008» nytta miksen den originale demoversjonen til Jackson, utan McCartney. will.i.am la til sin eigen vokal og eit nytt vers. Då songen kom ut i 2008 nådde han 12. plassen i New Zealand, 22. plassen i Frankrike og gjekk inn på singellistene i Danmark, Sverige og Sveits.[11]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2008) Plassering
Den austerrikske singellista[11] 51
Den danske singellista[12] 31
Den nederlandske singellista[13] 12
Den franske singellista[14] 22
Den svenske singellista[15] 41
Den sveitsiske singellista[16] 47
UK Singles Chart[17] 32

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  • CD-singel
  1. «The Girl Is Mine 2008 with will.i.am» – 3:10
  2. «The Girl Is Mine 2008 Club Mix with will.i.am» - 3:25
  3. «The Girl Is Mine» Original Demo Recording - 3:13

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The 40 Biggest Duets of All Time». Billboard. Prometheus Global Media. Henta 22. mai 2018. 
  2. 2,0 2,1 Taraborrelli, s. 223
  3. 3,0 3,1 «Michael Jackson didn't steal song, court rules». Jet. 31. desember 1984. Henta 22. mai 2018. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 4,8 4,9 Halstead, s. 119
  5. 5,0 5,1 5,2 «Den nederlandske singellista Archives». dutchcharts.nl. Henta 22. mai 2018. 
  6. George, s. 38
  7. Campbell, Mary (24. november 1990). «Record certifications». The Daily Collegian. Henta 22. mai 2018. 
  8. «Archived copy». Arkivert frå originalen 2015-04-02. Henta 22. mai 2018. 
  9. «Norwegian Singles Chart Archives». norwegiancharts.com. Henta 22. mai 2018. 
  10. Kreps, Daniel (30. november 2007). «Kanye, Akon remix Jacko on Thriller reissue». Rolling Stone. Henta 22. mai 2018. 
  11. 11,0 11,1 «Den austerrikske singellista Archives». Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 22. mai 2018. 
  12. «Danish Singles Chart Archives». Danishcharts.com. Hung Medien. Henta 22. mai 2018. 
  13. «Den nederlandske singellista Archives». Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 22. mai 2018. 
  14. «Den franske singellista Archives». Lescharts.com. Hung Medien. Henta 22. mai 2018. 
  15. «Den svenske singellista Archives». Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 22. mai 2018. 
  16. «Den sveitsiske singellista Archives». Hitparade.ch. Hung Medien. Henta 22. mai 2018. 
  17. «UK Singles Chart». Chartstats.com. The Official Charts Company. Henta 2010-04-04. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]