Stortviblad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stortviblad

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Listera ovata Saarland 11.jpg

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Neottia
Art: N. ovata
Vitskapleg namn
Neottia ovata
(Linné) Rich.
Økologi
Habitat: kalkrik skog
Utbreiing: Europa, vestlege Asia

Stortviblad (Neottia ovata) er ei plantefuglereirslekta Neottiaorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Stortviblad er ein opptil 60 centimeter høg orkidé med to store, ovale blad nedst på stengelen. Dei mange gulgrøne blomane sit i et høgt og smalt aks. Stortveblad kan somme stader finnast i store mengder.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var stortviblad knytta til tvibladslekta Listera med namnet Listera ovata, men nyare genetisk forsking har synt at arten skal innlemmast i slekta Neottia, trass i dei store morfologiske ulikskapane.[2][3][4]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Stortviblad veks i kalkrik skog over det meste av landet til Porsanger.[5] I raudlistevurderinga 2021 har arten status som livskraftig (LC).[6]

Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn tvåblad),[7] i Danmark (LC, dansk namn ægbladet fliglæbe),[8] i Finland (LC, finsk namn soikkokaksikko)[9] og på Island (NT, islandsk namn hjónagras).[10][11]

Stortviblad (engelsk namn common twayblade) er vanleg over heile Dei britiske øyane. I både den britiske og den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC),[12][13] på same måte som lokalt i England og Wales,[14][15] og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[16]

I Estland (estisk namn suur käopõll) veks stortviblad over heile landet og er rekna som livskraftig (LC).[17] I Latvia (latvisk namn ovālā divlape)[18] er arten temmeleg vanleg over heile landet og står ikkje som truga på den latviske raudlista.[19] I Litauen (litauisk namn kiaušininė dviguonė) er arten mellom dei mest vanlege orkideane og er rekna som livskraftig.[20][21]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar stortviblad». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre stortviblad». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  3. Richard M. Bateman mfl. (2005). «Phylogenetics: Neottieae». I Alec M. Pridgeon mfl. Genera Orchidacearum Volume 4: Epidendroideae 1. Oxford: Oxford University Press. s. 481–495. ISBN 9780198507123. 
  4. Richard M. Bateman (2009). «Evolutionary classification of European orchids: the crucial importance of maximising explicit evidence and minimising authoritarian speculation» (PDF). Journal Europäischer Orchideen. 41 (2): 243–318. ISSN 0945-7909. 
  5. «Artskart: Stortviblad, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  6. «Raudlista: Stortviblad». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 3. mars 2022. 
  7. «Artfakta naturvård: Neottia ovata tvåblad». Artdatabanken. Henta 6. mars 2022. 
  8. «Naturbasen: Ægbladet Fliglæbe Neottia ovata». Naturbasen. Henta 6. mars 2022. 
  9. «LAJI: Neottia ovata». LAJI.FI. Henta 6. mars 2022. 
  10. «Eggtvíblaðka (Listera ovata)». Náttúrufræðistofnun Íslands. Henta 6. mars 2022. 
  11. «Neottia ovata». Global Biodiversity Information Facility. Henta 6. mars 2022. 
  12. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  13. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  14. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  15. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru» (PDF). Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  16. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  17. «eElurikkus: Listera ovata» (estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 5. februar 2023. 
  18. «Latvijas daba: ovālā divlape» (latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 5. februar 2023. 
  19. Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 5. februar 2023. 
  20. Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 80-81. ISBN 9986-662-28-1. Henta 5. februar 2023. 
  21. Zigmantas Gudžinskas (2001). «Diversity, state, and protection of Orchidaceae species in Lithuania». Jour. Eur. Orch. 33 (1): 415–441. ISSN 0945-7909. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]