Sturle Holseter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sturle Holseter
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. april 1976 (48 år)
Idrett skihopping

Sturle Holseter (fødd 9. april 1976) er ein norsk, tidlegare skihoppar som representerte Vikersund Idrettslag. Han vann NM-bronse i normalbakken 1997, same sesongen kom han på andreplass i eit verdscuprenn i Sapporo.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Holseter debuterte i verdscupen 17. mars 1990, berre 14 år gammal, med sisteplass av 76 deltakarar på Raufoss. Så gjekk det fem år før tenåringen utmerka seg i hoppbakken. Gjennombrotet kom tidleg i 1996-sesongen, då han kom på sjetteplass i eit verdscuprenn på Lillehammer. Hans beste plassering i verdscupen er 2. plass i normalbakken i Sapporo 18. januar 1997, fem poeng bak vinnaren Adam Malysz og likt med Mika Laitinen. Same sesongen kom han på bronseplassen under noregsmeisterskapen i normal bakke i Mo i Rana i 1997. Holseter vart sidan nummer 15 i normalbakken i Trondheim under Ski-VM 1997. Beste samanlagtplasseringa i verdscupen er 22. plass, også det i 1997-sesongen.

Han vart noregsmeister for lag med Buskerud i 1996, og tok bronse i 1997. Siste rennet hans i verdscupen var på Lillehammer 29. november 1998.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1995/96: Nr 6 på Lillehammer
  • 1997: Nr 15 i VM i Trondheim. Nr 2 i Sapporo
  • 1998: Nr 14 i Zakopane og Lahti

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1995: Nr 11 i normalbakken i Rælingen
  • 1996: Nr 9 i storbakken i Meldal
  • 1997: Bronsemedalje i normalbakken i Mo i Rana
  • 1998: Nr 7 i storbakken i Meldal

Han la opp 20. august 2000.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
  • (en) Sturle Holseter – Profil og resultatoversikt hos FIS