Mika Laitinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mika Laitinen
Fødd 5. mars 1973
Kuopio
Yrke skihoppar

Mika Antero Laitinen (fødd 3. mars 1973) er ein finsk, tidlegare skihoppar frå Kuopio. Han vart olympiameister i 1992 og verdsmeister både i 1995 og 1997 med Finland i laghopp. Under ski-VM 1995 i Thunder Bay vann han bronsemedaljen i normalbakken. Laitinen representerte klubben Puijon Hiihtoseura i fødebyen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Laitinen debuterte i verdscupen i mars 1990 i Lahti. Han hadde vanskar med å tileigne seg den nye V-stilen som på den tid slo gjennom i hoppsporten. Ofte fekk han låge stilkarakterar, men hevda seg bra takk vere sin enorme spenst; han var ein «krafthoppar» som ofte markerte seg i normalbakkane.

I 1992 kom Laitinen med i den finske troppen til OL i Albertville. Her frkk hanplass på det finske laget som vann gull i laghopp, 1,5 poeng framom Austerrike. Dei andre på laget var Ari-Pekka Nikkola, Risto Laakkonen og Toni Nieminen. Laitinen deltok også i begge dei individuelle renna, og vart nr 19 i storbakken og nr 5 i normalbakken.

Dei neste to sesongane makta han ikkje å hevde seg, og deltok berre sjeldan i verdscupen. Dermed fekk han ikkje vere med til vinter-OL 1994. Vinteren 1994/95 var Laitinen tilbake i verdseliten, og under VM 1995 i Thunder Bay var han med på å vinne ei ny gullmedalje i laghopp, saman med Nikkola, Jani Soininen og Janne Ahonen. I normalbakken kom han på bronseplassen, men var langt bak dei sterke japanarane, verdsmeisteren Takanobu Okabe og Hiroya Saitō. Han vart til sist i meisterskapen nr 13. i storbakken.

Laitinens beste sesong var vinteren 1995/96. Han vann då fem av dei fyrste ni verdscuprenna. Ved årsskiftet, etter å ha sigra i Oberstdorf, leia han verdscupen med klar margin. Under trening føre nyttårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen fall han stygt, og braut sju ribbein og kragebeinet. Sjølv om han gjekk skadd i fleire veker, enda han likevel på sjetteplassen i verdscupen totalt.

Individuelt kom Laitinen aldri tilbake i hopptoppen etter fallet, men representerte fleire gongar Finland i laghopp. Under VM 1997 i Trondheim forsvara dei same fire finnane som vart verdsmeistrar i laghopp i 1995, meistertittelen. Den 8. desember 1997 i Villach kleiv Laitinen opp på pallen i verdscupen, for ellevte og siste gong. Han vart då nummer tre bak Masahiko Harada frå Japan og Dieter Thoma frå Tyskland.

Laitinen la opp som skihoppar i 2000.

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Land
3. desember 1995 Lillehammer Noreg
10. desember 1995 Planica Slovenia
12. desember 1995 Predazzo Italia
28. desember 1995 Oberhof Tyskland
30. desember 1995 Oberstdorf Tyskland

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]