Vest-Sahara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
الجمهورية العربية الصحراوية الديمقراطية
Al-Jumhūrīyâ al-Arabīyâ as-Sahrāwīyâ ad-Dīmuqrātīyâ

(norsk: Vest-Sahara, vestsaharisk)

Det vestsahariske flagget
Flagg


Geografisk plassering av Vest-Sahara
Offisielle språk Arabisk og spansk
Hovudstad Laayoune
Styresett
President (i eksil)
Statsminister (i eksil)
Republikk
Mohamed Abdelaziz
Abdelkader Taleb Oumar
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
266 000 km² (77.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
603 253 (167.)
2,3 /km²
Sjølvstende
Frå Spania
27. februar 1976
BNP
 – Totalt (2007)
 – Per innbyggjar
 
906 mill. USD (185.)
2 600 USD (166.)
Valuta Marokkansk dirham
Tidssone UTC
Telefonkode +212 (same som Marokko)
Toppnivådomene Ingen, men .eh er reservert


Vest-Sahara er eit omstridd område vest i Afrika. Størsteparten av området er okkupert av Marokko, medan rundt ein fjerdele av området er kontrollert av frigjeringsrørsla Front Polisario. Polisario gjer krav på heile landet som Den saharawiske arabiske demokratiske republikken (SADR). Vest-Sahara er delt av ein 2700 km lang mur eller barriere som Marokko har bygd gjennom heile landet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Vest-Sahara

Vest-Sahara ligg vest i det nordlege Afrika, og grensar i vest til Atlanterhavet, i nord til Marokko, i aust til Algerie og i sør til Mauritania. Landområdet har eit areal på 266 060 km², og har 1 110 km kystlinje og 2 046 km grenser mot andre land. Territoriet er i hovudsak steinørken og har lite vegetasjon.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det tørre området vest i Sahara opplevde først vekst då kamelen blei introdusert, slik at handel og kommunikasjon blei lettare. Handelsruter mellom Marrakech og Timbuktu gjekk gjennom området. Sidan 700-talet har området vore muslimsk, noko som har prega kulturen.

Fra 1884 til 1975 var Vest-Sahara eit spansk protektorat kjent som Spansk Sahara. I 1975, før spanjolane hadde rokke å trekkje seg ut, okkuperte Marokko den nordvestlege delen av Vest-Sahara, og Mauritania den sørvestlege. Etter at Mauritania trekkte seg ut av området, okkuperte Marokko også denne delen og stod igjen som de facto administrasjonsmakt.[1][2] Motstandsrørsla, Front Polisario, som tidlegare hadde kjempa mot spanjolane, leidde ein geriljakrig mot dei to nye okkupantane Marokko og Mauritania. Ei våpenkvile kom på plass i 1991.

Som ein del av våpenkvileavtala, vart ein einige om å halda ei folkeavstemming i 1992 der innbyggjarane i landet skulle få avgjera om dei ynskte at området skulle bli sjølvstendig, eller innlemmast i Marokko. Trass i at partane er blitt einige om at ei avstemming skal haldast, har Marokko til no nekta for at ho skal finne stad. SN-styrken MINURSO har ansvaret for å gjennomføre denne folkeavstemminga.[3]

Vest-Sahara delt i to mellom Marokko og Front Polisario.

Sidan området vart okkupert, har fleirtalet av dei saharawiske innbyggjarane budd i flyktingeleirar sørvest i Algerie. Der held også eksilregjeringa til. Front Polisario kontrollerer austlege delar av landet.

Etter at marokkanske styrkar rykte inn i området, har Marokko bygd ein 2 200 km lang forsvarsmur gjennom Vest-Sahara, som deler territoriet i to. Muren er nesten fire gonger lenger enn muren i Palestina og er beskytta av eit av dei største minefelta i verda. Mellom kvar femte til kvar tiande kilometer er det ein marokkansk militærpost. Muren hindrar folkesetnaden i dei okkuperte områda frå å kome i kontakt med folkesetnaden i flyktningeleirane i Algerie.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Vest-Sahara er i dag folkerettsleg omstridt. Både Marokko og Den saharawiske arabiske demokratiske republikken (SADR), leidd av frigjeringsrørsla Polisario, gjer krav på området. Ettersom området aldri vart sjølvstendig etter spansk koloniherredøme, blir Vest-Sahara i dag sett på som Afrika sitt siste uløyste kolonispørsmål i SN.

Etter at området vart okkupert, utropte eksilregjeringa i Algerie Den sahariske arabiske demokratiske republikken. SADR har vorte godkjent av 70 statar, og av den Den afrikanske unionen.[2] Noreg anerkjenner ikke marokkansk suverenitet over Vest-Sahara, men har heller ikke anerkjent staten SADR.

SN definerte i 1963 Vest-Sahara som eit ikkje-sjølvstyrt område med Spania som administrator. Systemet med ikkje-sjølvstyrte område vart etablert gjennom artiklane 73 og 74 i SN-pakta for å regulere forholda for territorium som ikkje hadde oppnådd sjølvstende, slik som koloniar og protektorat av ulike slag. SN har sidan fasthalde at området er eit ikkje-sjølvstyrt område.[1][4] Gjennom SN-operasjonen MINURSO har SN sidan 1991 arbeidd for at det vert gjennomført ei folkeavstemming i Vest-Sahara for å avgjere spørsmålet om sjølvstende.[3]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Frå Smara i Vest-Sahara.

Trass i at Vest-Sahara for det meste består av ørken og halvørken, er det eit område som er rikt på naturressursar. Vest-Sahara har blant verdas rikaste fiskeforekomstar, og store fosfatgruver. Ein reknar med at det finst store olje- og gassreservar i havbotnen utanfor området. All økonomisk aktivitet i Vest-Sahara er kontrollert av den marokkanske regjeringa, som tilbyr skattelette og subsidiar til marokkanske busetjarar i dei okkuperte områda. Inntektene er likevel betrakteleg lågare enn i Marokko.

Saharawiane er tradisjonelt nomadiske. Dei som lever i flyktningeleirane i Algerie er avhengige av internasjonal bistand, ettersom området der leirane er ligg i udyrkbare område av Sahara-ørkenen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Correll, Hans ( 2002-02-12). « S/2002/161: Letter dated 29 January 2002 from the Under-Secretary-General for Legal Affairs, the Legal Counsel, addressed to the President of the Security Council» (pdf).  SN. Henta 9. juli 2011. 
  2. 2,0 2,1 Gro Nystuen; Andreas Føllesdal; Anne Lill Gade; Ola Mestad; Bjørn Østbø (12. april 2005). «Tilrådning om uttrekk».  Petroleumsfondets etiske råd. Henta 9. juli 2011. 
  3. 3,0 3,1  MINURSO Background,  FN, henta  2011-07-09 
  4. Mundy, Jacbo (27. juni 2007). «The Legal Status of Western Sahara and the Laws of War and Occupation» (pdf).  Grupo de Estudios Estratégicos (GEES). Henta 9. juli 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]