Take This Hammer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Take This Hammer»
Nine Pound Hammer
Publisert Roud 4299, samla inn i 1915 av Newman Ivey White
Språk engelsk
Form ABCC

«Take This Hammer» (Roud 4299, AFS 745B1) er ei folkevise frå USA. Songen er klassifisert som ein fengsels-, skogs- og jernbanearbeidssong, og har same Roud-tal som ein annan song, «Nine Pound Hammer», som han deler vers med. «Swannanoa Tunnel» og «Ashville Junction» er liknande songar. I lag vert desse songane kalla «hammarsongar eller «rullesongar» (etter ei gruppe trillebårarbeidssongar med liknande struktur, men utan at hammarar vert nemnde).[1] Mange bluegrassband og songarar som Scott McGill og Mississippi John Hurt har spelt inn kommersielle versjonar av songen, og nesten alle inneheld versa om den legendariske spikerhammaren John Henry.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Nesten hundre år etter slaveriet i USA vart avskaffa, vart fangar, hovudsakleg afroamerikanarar, leigde ut som arbeidarar i gruver, jernbaneleirar, teglverk, terpentingardar og som rallarar i Sørstatane.[3] Tvangsarbeid i lenkjer, på diker og store plantasjeliknande fengselsgardar heldt fram til langt inn på 1900-talet. Det var ikkje uvanleg for arbeidssongar som «Take this Hammer» og dei «flytande versa» å drive mellom jobbane i lag med reisande arbeidarar som song dei.[4] Element av både balladen om «John Henry» og «Take This Hammer» er frå seint på 1800-talet, truleg i 1870-åra.[5]

Tidlege versjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein manuskriptvariant av «Take This Hammer» frå 1915 vart publisert av folkloristen av den engelske professoren Newman Ivey White:[6]

This old hammer killed John Henry,
But it can't kill me.
Take this hammer, take it to the Captain,
Tell him I'm gone, babe, tell him I'm gone.

I 1920-åra skreiv fleire folkloristar, som Dorothy Scarborough (1925) og Guy Johnson og Howard W. Odum (1926) ned versjonar av songen. Scarborough publiserte teksten i boka si On The Trail of Negro Folk-Songs (1925), og er den første versjonen som er publisert med tittelen «Nine-Pound Hammer», før dei første kommersielle innspelingane med det namnet.[7] Dette var den kvite «hillbilly» (som country då vart kalla) singelen til Al Hopkins and His Buckle Busters.[8] Hopkins sin «Nine Pound Hammer» hadde med refrenget «Roll on buddy / Don't you roll so slow. / How can I roll / When the wheels won't go?"[9] Dette var den første av mange hillbilly-innspelingar av songen. I 1928, før depresjonen avslutta platekarrieren hans, gav den afroamerikanske bluessongaren Mississippi John Hurt ut singelen «Spike Driver Blues» på Okeh records. Denne songen, med intrikat fingerplukka gitarakkompagnement, kombinerer somme element av balladen «John Henry». Han vart sidan spelt teken med i samlinga til Harry Smith frå 1952 kalla Anthology of American Folk Music. Norm Cohen kalla «Spike Driver Blues» «ein tekstmessig variant av «Nine-Pound Hammer» og «meir eit underhaldningsstykke enn ein faktisk arbeidssong, men dei har sine likskapar.».[10]

Feltinnspelingar[endre | endre wikiteksten]

I 1933 spelte John A. Lomax og den då 18 år gamle sonen hans Alan inn musikk for Library of Congress. Dei tok opp Allen Prothro, ein fange i Chattanooga i Tennessee som song «Jumpin' Judy», med eit tema og vers som er like «Take This Hammer», inkludert referansen til «kapteinen» (t.d. den kvite fengselsvakta). Dei trykte ein lengre versjon av teksten i antologien American Ballads and Folk Songs (1934), og skreiv at han skulle framførast «ganske langsamt, med patos».[11]

Andre innspelingar etter 1940[endre | endre wikiteksten]

«Take This Hammer» vart gjeve ut på singel av Lead Belly i 1940 og igjen i 1942. Lead Belly legg til ein «haah» på slutten av kvar linje,[12] og forklarer i introduksjonen av songen at «Kvar gong mennene seier 'haah', så fell hammaren. Hammaren ringer, og me svingar, og me syng».

Songen var samstundes populær hos countrysongarar. Merle Travis skreiv ein ny versjon av songen i 1946 kalla «Nine Pound Hammer is Too Heavy», som då handla om kolgruvearbeid og hadde stor innverknad innan folk og country.[13]

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Til dømes, «Roll On, Johnny», høyrt i 1891 frå ein arbeidsleir i Lafayette County i Texas
  2. See Kip Lornell, liner notes to Virginia and the Piedmont, Minstrelsy, Work Songs, and Blues in the Blues Deep River of Song series, Rounder CD 1827-2 (2000).
  3. See Alex Lichtenstein, Twice The Work of Free Labor, The Political Economy of Convict Labor in the South (Verso, 1996).
  4. Lornell, Deep River of Song: Virginia and the Piedmont, CD liner notes.
  5. See Norm Cohen, Long Steel Rail, s. 535.
  6. See «This Old Hammer», pp. 59–62, in Newman Ivey White, American Negro Folk-Songs (Cambridge, Mass.: Harvard University Press, 1925).
  7. Cohen, Long Steel Rail, pp. 578.
  8. See Wayne Erbsen, Singing Rails: Railroadin' Songs, Jokes & Stories (Native Ground Music, 1997), pp. 32 & 51.
  9. Archie Green, Only a Miner: Studies in Recorded Coal-Mining Songs (University of Illinois Press, 1972), pp. 329–331.
  10. Cohen, Long Steel Rail, s. 535.
  11. Gonna take dis ol’ hammer,
    Gonna take dis ol’ hammer,
    Give it back to jumpin’ Judy,
    An’ tell her I’m gone, suh, an’ tell her I’m gone.

    Ef she asks you was I runnin’, 3x
    You can tell I’s flyin’, you can tell I’s flyin’.

    Tell her I crossed the Saint John's River (3x)
    With my head hung down.

    Sjå John A. and Alan Lomax, American Ballads and Folk Songs (New York, Macmillan, 1934), pp. 82–84.

  12. Gilliland, John (1969). «Show 18 - Blowin' in the Wind: Pop discovers folkemusikk. [Part 1]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 
  13. Cohen, Long Steel Rail, s. 574.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]