Tatjana Lysenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tatjana Lysenko
Tatyana Lysenko Daegu 2011.jpg
Fødd 9. oktober 1983
Batajsk
Yrke sleggekaster, friidrettsutøvar

Tatjana Viktorovna Lysenko[a] (fødd 9. oktober 1983) er ein russisk friidrettsutøvar frå Batajsk som tevlar i sleggjekast. I perioden 2006-13 har ho vorte både olympisk meister, verdsmeister og europameister i øvinga.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Lysenko deltok i dei olympiske leikane 2004 i Aten, men makta ikkje kvalifisere seg til finalen. Sommaren etter fekk ho sitt internasjonale gjennombrot. Den 15. juli 2005 forbetra ho i Moskva den seks år gamle verdsrekorden til rumenske Mihaela Melinte med 99 centimeter til 77,06 m. Halvannan månad seinare vann ho bronsemedaljen ved friidretts-VM i Helsinki.

Den 24. juni 2006 tok ho i Zjukovskij tilbake verdsrekorden i sleggjekast med eit kast på 77,41 m, ein rekord som Gulfija Khanafejeva hadde hatt ei kort tid. Kort etter at ho hadde sigra ved europameisterskapen i Göteborg med 76,67 m, forbetra Lysenko sin eigen verdsrekord til 77,80 meter under eit stemne den 15. august 2006 i Tallinn.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Midt i juli 2007 vart ho dømd for å ha testa positivt i ein dopingkontroll i mai månad. Før ho vart utestengd i to år, hadde Lysenko i slutten av mai månad lagt ytterlegare på sin eigen rekord, denne rekorden vart sidan underkjend grunna dopingbruken.

Nye triumfar[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 2009 var ho tilbake i sleggjeringen og vart nummer seks under friidretts-VM i Berlin med 72,22 m. I 2010 tok ho sølvmedaljen ved EM i Barcelona, og sigra i Kontinentalen-Cupen i Split.

Lysenko vann i 2011 gullmedaljen under verdsmeisterskapen i Daegu med eit bestekast på 77,13 m. Året etter steig ho heilt til topps i sleggjeøvinga under dei olympiske sommarleikane i London med heile 78,18 m. I 2013 forsvarte ho VM-tittelen i sleggjekast på heimebane i Moskva, der ho sette russisk rekord med 78,80 m.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Russisk skrift Татьяна Викторовна Лысенко

Kjelder[endre | endre wikiteksten]