Anita Włodarczyk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anita Włodarczyk

Anita Włodarczyk i 2013
Foto: Grzegorz Gołębiowski
Statsborgarskap Polen
Fødd 8. august 1985 (38 år)
Rawicz
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2008 – Sleggekast damer, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Sleggekast damer, Friidrett under Sommar-OL 2016 – Sleggekast kvinner, Friidrett under Sommar-OL 2020 – Sleggekast kvinner

Utmerkingar

offiser av Ordenen Polonia Restituta, ridder av ordenen Polonia Restituta, Polish Sportspersonality of the Year, kommandørkors med stjerne av Ordenen Polonia Restituta

Anita Włodarczyk (fødd 8. august 1985) er ein polsk friidrettsutøvar frå Rawicz som tevlar i sleggjekasting. Etter at russiske utøvarar har fått annullert ei rekke prestasjonar, står Włodarczyk som vinnar av fire VM-gull, like mange EM-gull og tre OL-gull i øvinga, oppnådd i perioden 2009-11. Ho har sett ei rad verdskordar i sleggjekast, den siste frå 2016 er på 82,98 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Włodarczyks fyrste internasjonale meisterskapsfinale fann stad under Sommar-OL 2008 i Beijing, der ho vart nummer 6 med eit bestekast på 71,56 m. Same sesongen kom ho på tredjeplass i IAAF World Athletics-finalen i Stuttgart med 70,97 m. I VM i friidrett 2009 i Berlin sikra ho seg gullmedaljen då ho sette verdsrekord med 77,96 meter i den andre omgangen. Då sleggja landa, sprang ho jublande mot publikum. I gledesrusen forstua ho ein fot og kunne ikkje halde fram å kaste i resten av tevlinga.

I 2012 vann Włodarczyk øvinga i Helsinki-EM og ho vart nummer to i London-OL. Året etter vart ho nummer 2 også i Moskva-VM, som i London slått av Tatjana Lysenko. År 2016 vart det i russiske Lysenko sine prøver frå London 2012 funne prov på dopingstoff, noko som gjorde at ho vart frådømt begge gullmedaljane. Midt i august 2014 vann Włodarczyk EM-gull i Zürich, 14 dagar seinare forbetra ho verdsrekorden til 79,58 m ved eit stemne i Berlin.

Sommaren 2015 flytta Włodarczyk fyrst rekorden til 79,83 m, for så å smekke til med 81,08 meter den 1. august i Władysławowo. Sigersrekka i meisterskap heldt fram i VM 2015, EM 2016 og OL 2016. I sleggjefinalen ved sommarleikane i Rio de Janeiro sette ho elles verdsrekord med 82,29 meter. Vel heimkomen frå Brasil presterte ho, i Warszawa 28. august 2016, sitt livs beste kast, 82,98 meter er framleis verdsrekord (2022).

Sidan vart Włodarczyk europameister 2018, verdsmeister 2019 og olympisk meister 2021.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]