Tero Pitkämäki
Tero Pitkämäki | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 19. desember 1982 (40 år) Ilmola |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Utmerkingar |
Tero Pitkämäki (fødd 19. desember 1982) er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar fødd i Ilmola i Lappland i Finland. Han vart verdsmeister i spydkast i Osaka 2007, og vann i åra 2006-15 heile sju medaljar i internasjonale meisterskap.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Pitkämäki byrja med spydkast som 16-åring og nådde relativt fort gode resultat. Internasjonalt utmerka han seg ikkje før enn 2004-sesongen, då han kom på åttande plass i OL 2004 med 83,01 meter.
Hans personlege rekord er 91,53 meter, kasta i Kuortane 26. juni 2005, noko som gjorde han til det store heimehåpet under VM i Helsingfors. Under vanskelege tilhøve lukkast han ikkje, kom på fjerdeplass med 81,27 meter som beste resultat.
I EM i Göteborg 2006 tok Pitkämäki sølv med eitt kast på 86,44. Norske Andreas Thorkildsen vann meisterskapet.
Den 5. august 2007 vann Pitkämäki det finske meisterskapet for fjerde gong med eit kast som målte 89,43 meter. Pitkämäki deltok sidan i friidretts-VM i Osaka i Japan, der han vann gull med eitt kast på 90,33 meter.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- OL 2004 Aten: Nr 8 - 83,01 m
- VM 2005 Helsingfors: Nr 4 - 81,27 m
- EM 2006 Göteborg: Sølvmedalje - 86,44 m, bakom Andreas Thorkildsen (88,78 m)
- VM 2007 Osaka: Gullmedalje - 90,33 m, framom Andreas Thorkildsen (88,61 m)
- OL 2008 i Beijing: Bronsemedalje - 86,16 m
- VM 2009 i Berlin: Nr 5 - 81,90 m
- EM 2010 Barcelona: Bronsemedalje - 86,67 m
- VM 2011 i Daegu: Utslått i kvalifiseringa (79,46 m, nr 17)
- EM 2012 Helsingfors: Nr 11 - 74,89 m
- OL 2012 i London: Nr 5 - 82,80 m
- VM 2013 i Moskva: Sølvmedalje -87,07 m, bakom Vítězslav Veselý (87,17 m)
Medaljar i finske meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- Gull: 2004 (82,82), 2005 (87,83), 2006 (88,17) ja 2007 (89,43)
- Sølv: 2003 (80,45), 2008 (82,28)
Personlege rekordar og årsbeste[endre | endre wikiteksten]
- 2000 73,75 Pihtipudas 20.7.
- 2001 74,89 Kannus 11.8.
- 2002 77,24 Lapua 24.6.
- 2003 80,45 Helsingfors 11.8.
- 2004 84,64 Pihtipudas 4.7.
- 2005 91,53 Kuortane 26.6.
- 2006 91,11 Kuortane 24.6.
- 2007 91,23 Lapinlahti 22.7.
Spydulukka i Roma[endre | endre wikiteksten]
Fredag den 13. juli 2007 under IAAF Golden League-stemnet på Stadio Olimpico trefte eit av Pitkämäkis spyd den franske lengdehopparen Salim Sdiri i ryggen. Sjølv om han var skaka, fullførte Pitkämäki tevlinga og vart nummer to etter Andreas Thorkildsen.
- Einskildmenn
- Fødde i 1982
- Finske spydkastarar
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Finland
- Finske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2008
- Finske deltakarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008
- Finske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Finske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016
- Vinnarar av Bislett-medaljen