That's the Way

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
That's the Way
Song av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin III
Utgjeve 5. oktober 1970
Innspelt Mai - august 1970
Sjanger Folkrock
Lengd 5:37
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Page, Plant
Produsent Jimmy Page

«That's the Way» er ein song av det engelsk rockebandet Led Zeppelin frå det tredje albumet deira, Led Zeppelin III, frå 1970. Som mange av songane på albumet er det ein akustisk song og ein av dei rolegaste og lettaste melodiane i katalogen til Led Zeppelin. På studioutgåva spelar Jimmy Page ein akustisk gitar i open G-stemming, pedalsteel, dulcimer og bassgitar, medan John Paul Jones spelar mandolin. John Bonham spelar ikkje trommer på songen, og ein lett tamburin og bassgitar kjem til mot slutten av songen.

Jimmy Page og Robert Plant skreiv songen i 1970 medan dei kvilte ut i hytta Bron-Yr-Aur i Wales.[1][2] Page forklarte:

« «That's the Way» vart skriven i Wales. Det var ein av dei dagane etter ein lang fottur og me var på veg attende til hytta. Me hadde ein gitar med oss. Det var slitsamt å gå ned ei ravine og me stoppa og sette oss ned. Eg spelte melodien og Robert song det første verset på direkten. Me hadde ein lydbandopptakar med oss og fekk melodien ned.[3] »

I eit intervju han gav Mojo i 2010, sa han:

« Eg kan framleis hugse nøyaktig kvar vi var då vi skreiv «That's the Way». Robert var sterkt påverka av situasjonen og det å klare å skrive ned og gje ei slik melding var flott. Det hadde ikkje skjedd om vi ikkje hadde vore akkurat der.[4] »

På scenen for Unledded med Page and Plant i 1994, annonserte Plant til publikum at dotter til Page, Scarlet Page, vart unnfanga «om lag ein halvtime» etter «That's the Way» vart skriven.[5] Kjærasten til Page, Charlotte Martin, budde i Bron-Yr-Aur på denne tida med Page, og den dåverande kona til Plant, Maureen og barnet deira Carmen.

Den originale arbeidstittelen på songen var «The Boy Next Door».[2] I følgje Stephen Davis sin biografi om Led Zeppelin, Hammer of the Gods, omhandlar teksten synet Plant hadde på økologi og miljø. Det er òg fleire ilnjer i songen som omhandlar korleis Led Zeppelin stundom vart behandla i Amerika på dei første turneane deira, då dei stundom vart spytta på, fekk våpen retta mot seg og vart plaga på flyplassar og fly.[2] Dei var òg plaga av valden dei hadde sett politimenn utføre mot ungdomen som protesterte mot vietnamkrigen, samt tilhengjarane deira, særleg under vårturneen i 1970:[6]

I can't believe what people saying,
you're gonna let your hair hang down,
I'm satisfied to sit here working all day long,
you're in the darker side of town.

«That's the Way» vart spela på konsertane til Led Zeppelin frå 1970 og ut 1972, og vart seinare henta fram for Earl's Court i 1975. Ein finn konsertversjonar av songen på How the West Was Won, Led Zeppelin BBC Sessions og Led Zeppelin DVD. I 1994 gav Page and Plant ut ein versjon på No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded, både CD og DVD.

Dette er ein av få songar av Led Zeppelin som er blitt autorisert for bruk i film, nemleg Cameron Crowe sin Almost Famous i 2000.

Songen vart gjeven ut på Ein EP i 1971 i Australia i lag med «Going to California» og «Stairway to Heaven».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Phil Sutcliffe, "Back to Nature", Q Magazine Special Led Zeppelin edition, 2003, s. 34.
  2. 2,0 2,1 2,2 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  3. Chris Welch (1994) Led Zeppelin, London: Orion Books. ISBN 1-85797-930-3, s. 53.
  4. Phil Alexander, “Up Close & Personal”, Mojo februar 2010, s. 72-79.
  5. Sutcliffe, Phil, "Back to Nature", Q Magazine Special Led Zeppelin edition, 2003, s. 32.
  6. Gilmore, Mikal (August 10, 2006). «The Long Shadow of Led Zeppelin». Rolling Stone (1006). Henta 24. mars 2011.