Mon alliée (The Best in Me)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå The Best in Me)
«Mon alliée (The Best in Me)»
Song av Tom Leeb
Land Frankrike
Språk Fransk/engelsk
Utgjeve 16. februar 2020 (original)
3. april 2020 (ny versjon)
Sjanger Pop
Lengd 03:00
Selskap Roy Music
Komponist Thomas G:son
Tekstforfattar John Lundvik
Låtskrivar(ar) Thomas G:son, Peter Boström, John Lundvik, Amir Haddad, Tom Leeb, Léa Ivanne

«Mon alliée (The Best in Me)» (norsk '(min allierte) det beste i meg'), tidlegare kalla «The Best in Me», er ein popballade frå 2020 som vert framført av den franske songaren Tom Leeb. Songen er komponert av dei svenske låtskrivarane Peter Boström og Thomas G:son, og dei skreiv teksta saman med John Lundvik, Amir Haddad, Tom Leeb og Léa Ivanne. Songen vart utgjeven 16. februar 2020 og skulle ha vore det franske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1][2]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Mon alliée (The Best in Me)» er komponert av dei svenske låtskrivarane og musikkprodusentane Peter Boström og Thomas G:son. Begge har skrive ei rekkje Eurovision-låtar tidlegare, blant andre dei norske Melodi Grand Prix-vinnarane «Stay» (2012) og «Ven a bailar conmigo» (2007). Dei to står òg bak Eurovision-vinnaren frå 2012, «Euphoria» med Loreen.

Boström og G:son har òg skrive teksta, saman med John Lundvik, som representerte Sverige i 2019, og Amir Haddad, som representerte Frankrike i 2016. Léa Ivanne og artisten sjølv, Tom Leeb, har òg bidrege på teksta som er ein fleirspråkleg engelsk-fransk popballade. Versa er på fransk, medan refrenga vert framført på engelsk.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Både Tom Leeb og låten «The Best in Me» vart internt utvalde av tv-kanalen France 2 til å representere Frankrike i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. Ei jurygruppe av musikkekspertar og medlemmar frå kringkastaren France Télévisions valde låten frå rundt hundre innsende bidrag.[3] Songen vart framført offentleg for første gong under ei direktesending frå Eiffeltårnet i Paris 16. februar 2020.[4]

Avlysninga[endre | endre wikiteksten]

«Mon alliée (The Best in Me)» skulle ha representert Frankrike i Eurovision Song Contest 2020. Sidan Frankrike er eit av «Dei fem store landa» i Eurovision Song Contest, var songen automatisk kvalifisert til finalen i Rotterdam Ahoy laurdag 16. februar 2020. Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020, såg EBU seg nøydd til å avlysa Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[5] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

Utgjevingshistorikk[endre | endre wikiteksten]

Region Dato Format Merke Ref.
Diverse 16. februar 2020 Digital nedlasting, strøyming Roy Music [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «The Best in Me - Single by Tom Leeb on Apple Music». Apple Music. Henta 16. februar 2020. 
  2. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  3. «France: Tom Leeb will sing "The Best in Me" at Eurovision 2020». 16. februar 2020. Henta 16. februar 2020. 
  4. «France brings out ‘The Best In Me’ with Tom Leeb». eurovision.tv. 16. februar 2020. Henta 21. februar 2020. 
  5. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.