Ven a bailar conmigo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Ven a bailar conmigo»
Song av Guri Schanke

Land Noreg
Språk Engelsk og spansk
Utgjeve 2007
Sjanger pop, latinomusikk
Lengd 02:59
Selskap MBN[1]
Låtskrivar(ar) Thomas G:son

«Ven a bailar conmigo» (norsk omsetjing ‘kom og dans med meg’) er ein latino-inspirert poplåt som vann Melodi Grand Prix 2007, og som var det norske bidraget til Eurovision Song Contest same år. Låten er skriven av den svenske musikkprodusenten Thomas G:son og blir framført på engelsk og spansk av Guri Schanke. «Ven a bailar conmigo» blei nummer 18 av 28 bidrag i semifinalen og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen i Eurovision Song Contest.

Melodi Grand Prix[endre | endre wikiteksten]

Thomas G:son blei invitert av NRK til å levere inn bidrag til Melodi Grand Prix i 2007, og «Ven a bailar conmigo» var eit av bidraga som blei plukka ut til konkurransen. Songen blei framført av Guri Schanke som året før hadde komme på andreplass i dansekonkurransen Skal vi danseTV 2. Den spanske tittelen betyr «kom og dans med meg» og hadde difor ei dobbelttydning for Schanke.

Songen er eit latino-inspirert popnummer, og med på scena hadde Schanke med seg dei svenske dansarane Christer Tornell og Stefan Clarin. Ho var den fyrste av seks deltakarar på scena i den andre delfinalen i Nordlandshallen i Bodø laurdag 27. januar 2007, og ho kvalifiserte seg til finalen i Oslo Spektrum laurdag 10. februar.

I finalen var «Ven a bailar conmigo» det siste bidraget på scenen av åtte bidrag, og songen avanserte til gullfinalen, der han vann klårt med over 108 000 røyster.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Guri Schanke og «Ven a bailar conmigo» var det 19. bidraget ut på scena i semifinalen i Eurovision Song Contest i Helsingfors torsdag 10. mai 2007. Med seg på scena hadde Schanke dansarane Bjørn Holthe og Asmund Grinaker. I tillegg var Karianne Kjærnes, Åshild Stensrud og Jorunn Hauge støttevokalistar.

Det norske bidraget samla berre 48 poeng og blei nummer 18 av 28 bidrag. Dimed kvalifiserte ikkje Noreg seg til finalen – dette var fyrste gongen sidan 2002 at Noreg ikkje var med i ein finale i Eurovision Song Contest.[2]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

Framføringa av «Ven a bailar conmigo» hadde fleire fellestrekk med framføringa til Petra Nielsen av Thomas G:son sin «Tango! Tango!» i svenske Melodifestivalen i 2004. Portugal sende også eit liknande bidrag til Eurovision Song Contest 2007, «Dança comigo» (norsk omsetjing ‘dans med meg’). Dette bidraget blei nummer 11 i semifinalen og gjorde det dimed betre enn «Ven a bailar conmigo».

Den svenske slagerartisten Anna Book spelte i 2007 inn «Ven a bailar conmigo» på albumet Samba Sambero. Albumet skulle bli lansert i mars, to månader før Schanke skulle opptre i Eurovision Song Contest. Nyheita blei mottatt med forbauselse hos NRK, men prosjektleiar Stian Malme uttalte: «Dette får vi ta positivt, og håpe at den svenske versjonen blir riktig så populær i Sverige».[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Guri Schanke ‎– Ven a bailar conmigo». Discogs.com. Henta 7. januar 2017. 
  2. «Eurovision Song Contest 2007». eurovision.tv. Henta 7. januar 2017. 
  3. Opsann, Carina (26. februar 2007). «Guri gis ut i Sverige». Se og Hør.