The Legend of Zelda: Skyward Sword

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Legend of Zelda: Skyward Sword
The Legend of Zelda Skyward Sword.png
Utviklar(ar) Nintendo EAD
Utgjevar(ar) Nintendo
Sjanger Action-eventyr
Spelmodus Enkeltspelar
Plattform(er) Wii
Utgjeving 18. november 2011 (Europa)
20. november 2011 (Nord-Amerika)
23. november 2011 (Japan)

The Legend of Zelda: Skyward Sword er eit action-eventyrspel for spelekonsollen Wii, som er utvikla og utgjeve av Nintendo. Det er det sekstande spelet i The Legend of Zelda-serien, og vart gjeve ut internasjonalt i november 2011.[1] Spelet handlar om Link, som spelaren navigerer gjennom luftrommet omkring den svevande øya Skyloft og på fastlandet under, medan han fullfører oppdrag som fører historia vidare og løyser gåter inni katakombar og i miljøet utanfor. Sverdkamp og det meste av dei andre mekanikkane i spelet bruker Wii Motion Plus, eit ekstrautstyr for Wii Remote.[2]

Utviklinga av Skyward Sword begynte etter utgjevinga av Twilight Princess og varte omkring fem år. Skyward Sword vart avduka første gong i 2009, og skulle opphavleg kome ut året etter, men vart utsett til 2011. Spelet vart både ein kritisk og kommersiell suksess, og har selt over tre millionar kopiar globalt. Skyward Sword vart gjort tilgjengeleg som nedlasting på Wii U eShop september 2016.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]