The Legend of Zelda: Phantom Hourglass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Legend of Zelda:
Phantom Hourglass
Utviklar(ar) Nintendo EAD
Utgjevar(ar) Nintendo
Serie Legend of Zelda
Sjanger Action-eventyr
Spelmodus Einspelar, fleirspelar
Utgjeving JP 23. juni 2007
NA 1. oktober 2007
EU 19. oktober 2007
Stødde einingar Peikeskjerm, mikrofon
Aldersgrense PEGI: 7+
CERO: A
ESRB: E

The Legend of Zelda: Phantom Hourglass (ゼルダの伝説 夢幻の砂時計 Zeruda no Densetsu Mugen no Sunadokei) er eit action-eventyrspel utvikla og publisert av Nintendo for Nintendo DS. Det vart gjeve ut i Japan juni 2007, og i Nord-Amerika og Europa oktober same året. Spelet er ein direkte oppfølgjar til The Legend of Zelda: The Wind Waker, og vert berre styrt ved at ein nyttar peikeskjermen.[1]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Nettstaden IGN gav Phantom Hourglass 9 av 10 poeng, der dei poengterte at sjølv om spelet er ulikt andre Zelda-spel er det framleis ekte vare.[2] GameSpot gav også spelet 9 av 10, der spelet fekk ros for flott grafikk, god kontroll med peikeskjermen og mengda finurlege gåter.[3] Den norske nettsida Gamer.no gav spelet 7 av 10 poeng, der omtalaren såg på spelet som ei flott reise på eventyr med ein god gammal helt, men mislikte dei passive båtreisene på havet og hovudtempelet som ein må gå gjennom fleire gonger i spelet.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]