Zelda II: The Adventure of Link

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Zelda II: The Adventure of Link
Zelda II - The Adventure of Link.svg
Utviklar(ar)Nintendo R&D4
Utgjevar(ar)Nintendo
Kreativt ansvarleg(e)Tadashi Sugiyama, Yasuhisa Yamamura
Produsent(ar)Shigeru Miyamoto
Komponist(ar)Akito Nakatsuka
SerieThe Legend of Zelda
Plattform(er)Famicom Disk System
Nintendo Entertainment System
UtgjevingJP: 14. januar 1987
EU: 26. september 1988
NA: 1. desember 1988
SjangerAction-rollespel, plattform
SpelemodusEinspelar

Zelda II: The Adventure of Link[a] er eit action-rollespel med plattformelement. Det er det andre spelet i The Legend of Zelda-serien og var utvikla og utgjeve av Nintendo til Family Computer Disk System den 14. januar 1987. Dette er under eit år etter den japanske utgjevinga og sju månader før den nordamerikanske utgjevinga av det første The Legend of Zelda. Zelda II var utgjeve i PAL-regionar og i Nord-Amerika til Nintendo Entertainment System på slutten av 1988, nesten to år etter at det vart utgjeve i Japan.

The Adventure of Link er ein direkte oppfølgjar til det opphavlege The Legend of Zelda, og handlar på ny om potagonisten Link under eit oppdrag for å redda prinsesse Zelda, som har falle i søvne under ein trolldom. Spelet legg vekt på side-scrolling og rollespel, noko som skil det monnaleg frå føregangaren.

Spelet var ein kritisk og kommersiell suksess, og introduserte element som «magimålaren» til Link og figuren Dark Link, som ville koma tilbake i seinare Zelda-spel, sjølv om rollespelelementa ikkje var vorte vidareførte. The Adventure of Link var etterfølgt av The Legend of Zelda: A Link to the Past til Super Nintendo Entertainment System i 1991.

Merknader[endre | endre wikiteksten]

  1. Den fullstendige japanske tittelen varierer mellom ulike kjelder: Frå tittelskjermen i spelet og produktemballasjen: Link no Bōken (リンクの冒険 Rinku no Bōken) ved å visa den engelske undertittelen The Legend of Zelda 2 over; ein TV-reklame for spelet uttaler tittelen som Zelda no Densetsu – Part 2: Link no Bōken (ゼルダの伝説パート2 リンクの冒険 Zeruda no Densetsu Pāto Tsū: Rinku no Bōken).[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]