To Know Him Is to Love Him

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå To Know Him Is To Love Him)
Hopp til navigering Hopp til søk
To Know Him Is to Love Him
Singel av The Teddy Bears
B-side «Don't You Worry My Little Pet»
Utgjeve September 1958[1]
Innspelt 1958
Sjanger Pop
Lengd 2:18
Selskap Doré
Låtskrivar(ar) Phil Spector[2]
The Teddy Bears-kronologi
To Know Him Is to Love Him «I Don't Need You Anymore»
(1959)


«To Know Him Is to Love Him» er ein song skriven av Phil Spector, inspirert av teksten på gravsteinen til faren, «To Know Him Was To Love Him.»[3] Songen vart først spelt inn av den einaste vokalgruppa han var medlem av,[2] The Teddy Bears. Innspelinga deira låg tre veker på toppen av Billboard Hot 100-lista i 1958,[4] og nådde andreplassen på den britiske New Musical Express-lista.[5] Peter & Gordon og Bobby Vinton hadde seinare hittar med songen, med tittelen endra til «To Know You Is to Love You». I 1987 vart songen henta fram att av Dolly Parton, Linda Ronstadt og Emmylou Harris, på albumet Trio, og toppa den amerikanske countrylista.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1958) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 1
UK – New Musical Express 2
U.S. Billboard Hot R&B Sides[6] 10

Nancy Sinatra-versjonen[endre | endre wikiteksten]

To Know Him Is to Love Him
Singel av Nancy Sinatra
A-side «Like I Do»
Utgjeve 1962
Innspelt 1962
Sjanger Pop
Lengd 2:13
Selskap Reprise
Låtskrivar(ar) Phil Spector[2]
Produsent Tutti Camarata
Nancy Sinatra-kronologi
«Cuff Links and a Tie Clip» To Know Him Is to Love Him «June, July, and August»


I 1962 gav Nancy Sinatra ut sin versjon av songen på Reprise Records, som B-sida til «Like I Do».[7]

Peter and Gordon-versjonen[endre | endre wikiteksten]

To Know You Is to Love You
Singel av Peter and Gordon
B-side «I Told You So»
Utgjeve 1965
Sjanger Poprock
Lengd 2:33
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Phil Spector

I 1965 gav Peter and Gordon ut ein versjon av songen kalla «To Know You Is to Love You». Peter and Gordon sin versjon låg ti veker inne på Record Retailer-lista i Storbritannia og nådde femteplassen,[8] og femteplassen på den kanadiske «RPM Play Sheet».[9] I USA låg songen sju veker inne på Billboard Hot 100-lista og nådde 24. plassen.[10]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1965) Plassering
UK – Record Retailer 5
Canada – RPM Play Sheet 5
US – Billboard Hot 100 24

Bobby Vinton-versjonen[endre | endre wikiteksten]

To Know You Is to Love You
Singel av Bobby Vinton
frå albumet Vinton
B-side «The Beat of My Heart»
Utgjeve 1969
Sjanger Pop
Lengd 2:21
Selskap Epic
Låtskrivar(ar) Phil Spector
Bobby Vinton-kronologi
«I Love How You Love Me»
(1968)
To Know You Is to Love You «The Days of Sand and Shovels»
(1969)


I 1969 gav Bobby Vinton ut ein versjon av songen kalla «To Know You Is to Love You». Vinton sin versjon låg sju veker på Billboard Hot 100-lista, og nådde 34. plassen,[11] og åttandeplassen på Billboardsi Easy Listening-liste,[12] 16. plassen på den kanadiske RPM 100,[13] og sjetteplassen på RPM si Adult Contemporary-lista.[14]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1969) Plassering
US – Billboard Hot 100 34
US – Billboard Easy Listening 8
Canada – RPM 100 16
Canada – RPM Adult Contemporary 6
Canada – CHUM 30[15] 14

Jody Miller-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I 1972 tok Jody Miller ein versjon av songen til 18. plassen på Billboard country-lista.

Dolly Parton, Linda Ronstadt og Emmylou Harris-versjonen[endre | endre wikiteksten]

To Know Him Is to Love Him
Singel av Dolly Parton, Linda Ronstadt og Emmylou Harris
frå albumet Trio
B-side «Farther Along»
Utgjeve Januar 1987
Sjanger Country
Lengd 3:48
Selskap Warner Bros. Nashville
Låtskrivar(ar) Phil Spector
Produsent George Massenburg
Dolly Parton-kronologi
«We Had It All»
(1986)
To Know Him Is to Love Him «Telling Me Lies»
(1987)
Linda Ronstadt-kronologi
«I Knew You When»
(1983)
To Know Him Is to Love Him «Telling Me Lies»
(1987)
Emmylou Harris-kronologi
«Today I Started Loving You Again»
(1986)
To Know Him Is to Love Him «Telling Me Lies»
(1987)

I 1987 spelte Dolly Parton, Linda Ronstadt og Emmylou Harris inn songen og gav han ut på det bestseljande albumet deira Trio, og vart den første singelen frå albumet. Versjonen deira gjekk til topps på den amerikanske Hot Country Songs-lista 16. mai 1987.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1987) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles[16] 1
Canadian RPM Country Tracks 1

The Beatles-versjonen[endre | endre wikiteksten]

To Know Her Is to Love Her
Song av The Beatles
frå albumet Live at the BBC
Utgjeve 30. november 1994
Innspelt 16. juli 1963
Lengd 2:51
Selskap Apple
Produsent Terry Henebery

The Beatles spelte inn to versjonar, begge kalla «To Know Her Is to Love Her». Eine versjonen var med på demoplata deira frå januar 1962 for Decca, men er ikkje blitt gjeven ut enno. Den andre versjonen vart spelt inn 16. juli 1963 for radioshowet Pop Go The Beatles og vart ikkje offisielt gjeven ut før i 1994 på albumet Live at the BBC. John Lennon spelte inn sin eigen verjson av songen i 1973 («To Know Her Is to Love Her»), men denne kom først ut på det posthume samlealbumet Menlove Ave i 1986.

Medverkande (Live at the BBC)[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Evelyn Kingsley with The Towers spelte inn ein versjon i 1958 på ein singel

Dodie Stevens spelte inn ein versjon i 1961 på albumet hennar Pink Shoelaces.

The Shirelles spelte inn ein versjon som finst på samleplata The Shirelles Sing the Golden Oldies frå 1964.

Den britiske rockestjerna Gary Glitter spelte inn ein versjon på det andre studioalbumet sitt, Touch Me i 1973, som nådde andreplassen på den britiske singellista.

Steeleye Span spelte ein versjon av songen i 1974 på albumet deira Now We Are Six. David Bowie spelte altsaksofon på songen og han vart produsert av Ian Anderson frå Jethro Tull.

David Bromberg spelte ein versjon på albumet sitt My Own House (Fantasy 9572, 1978).

I 2007 spelte Amy Winehouse inn songen akustisk som B-sida til «You Know I'm No Good».

Den 10. juli 2010 framførte David Gilmour og Roger Waters songen då dei spelte ein konsert til støtte for «Hoping Foundation»[18] – det var den første framføringa deira i lag sidan Pink Floyd-konserten for Live 8 i juli 2005.

I 2011 spelte Kikki Danielsson spelte inn songen på albumet Första dagen på resten av mitt liv.[19]

Countrysongaren Martina McBride spelte òg inn songen i 2014 på albumet hennar Everlasting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Classic Tracks, Back To Back Singles; Thunder Bay Press, 2008.
  2. 2,0 2,1 2,2 «Show 14 – Big Rock Candy Mountain: Rock 'n' roll in the late fifties. [Part 4] : UNT Digital Library». Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 27. april 1969. Henta 1. april 2018. 
  3. Charles Montaldo. «Profile of Phil Spector». About.com. Henta 1. april 2018. 
  4. Joel Whitburn, «The Billboard Book of Top 40 Hits», Billboard Publications, Inc., 1987. p. 301
  5. Teddy Bears – Full Official Chart History, Official Charts Company. Henta 1. april 2018
  6. «Hot R&B Sides», Billboard, 8. desember 1958. p. 34. Henta 1. april 2018
  7. «Reviews of New Singles», Billboard, 20. januar 1962. p. 36. Henta 1. april 2018
  8. Peter & Gordon – Full Official Chart History, Official Charts Company. Henta 1. april 2018
  9. «R.P.M. Play Sheet», RPM Weekly, Volume 3, Ed. 25, 16. august 1965. Henta 1. april 2018
  10. Peter & Gordon – Chart History – The Hot 100, Billboard.com. Henta 1. april 2018
  11. Bobby Vinton – Chart History – The Hot 100, Billboard.com. Henta 1. april 2018
  12. Bobby Vinton – Chart History – Adult Contemporary, Billboard.com. Henta 1. april 2018
  13. «The RPM 100», RPM Weekly, Volume 11, Ed. 11, 12. mai 1969. Henta 1. april 2018
  14. «Young Adult», RPM Weekly, Volume 11, Ed. 11, 12. mai 1969. Henta 1. april 2018
  15. «CHUM 30 – 17. mai 1969». CHUM. Arkivert frå originalen 7. november 2006. Henta 17. desember 2015.  Collector's issue No. 41.
  16. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Country Hits: 1944–2006, Second edition. Record Research. s. 152. 
  17. «To Know Her Is to Love Her». The Beatles Bible. www.beatlesbible.com. Henta 1. april 2018. 
  18. «Hoping Foundation». Hoping Foundation. Henta 1. april 2018. 
  19. «Svensk mediedatabas». Henta 18. mai 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]