Tore Bjonviken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tore Bjonviken
Fødd 2. januar 1975
Noreg
Yrke langrennsløpar

Tore Bjonviken (fødd 2. januar 1975) er ein norsk tidlegare langrennsløpar som representerte Fossum Idrettsforening. I verdscupen var hans fremste individuelle prestasjonar to andreplassar i sprint og to tredjeplasser i 15 km klassisk. Første gongen i Sunne 11. mars 1997, der sprinten vart avvikla i klassisk. Tre år seinare, 28. februar 2000, fekk han same plasseringa i eit sprintrenn i klassisk stil, arrangert i Stockholm. Klassisk tredjeplass på 15 km på Beitostølen i 2000 og i Falun 2001. Han vant også scandinavisk cup samanlagt, og individuelt i 1999. Bjonviken vann sølvmedaljen på tremil fellesstart under noregsmeisterskapen i 2000 og NM gull i sprint fristil i 2002 foran OL-mester Tor Arne Hetland. De var gjennom hele karrieren frå junioralder like gode i sine prestasjoner i alle år. I alt vart det eitt gull, to sølv og 3 bronsje i NM på ulike distanser. Han vant også Skarverennet i 2002 foran hele den norske langrenns- og skiskyttereliten.

Bjonviken kom i sesongen 2000/01 på tredjeplass i verdscuprennet over 15 km på Beitostølen, bak Odd-Bjørn Hjelmeset og Thomas Alsgaard. Nordmenn la beslag på dei sju fyrste plassane på resultatlista i rennet, som var opningsrenn i verdscupen det året. Sidan i same sesongen kom han på delt tredjeplass med landsmannen Kristen Skjeldal på 15 km i Falun, bak vinnaren Mikhail Ivanov og Frode Estil.

Bjonviken representerte Noreg under Ski-VM 2003 i Val di Fiemme, då han med dårleg opplading på kort varsel vart sett inn på 15 km klassisk og enda på 44 plass. Han var elles med å vinne tre WC seire for Noreg i stafett i 1996, 2000 og 2002, og han vann scandinavisk cup samanlagt i 1999.

Besteplasseringar i internasjonale renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1997 Nr 2 i sprint klassisk i Sunne
  • 2000 Nr 3 på 15 km på Beitostølen
  • 2000 Nr 2 på sprint klassisk i Stockholmn
  • 2001 Nr 3 på 15 km klassisk i Falun

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 2000: Sølvmedalje på 30 km i Vang
  • 2001: Nr 4 på 50 km i Steinkjer
  • 2002: Bronsemedalje på 15 km fristil i Høydalsmo
  • 2002 Gull på sprint fristil på Vang
  • 2003: Nr 5 på 10 km i Molde
  • 2003 Sølv på 15 km med skibytte i Trondheim
  • 2004: Bronsemedalje på jaktstart 15 km fristil på Bardufoss
  • 2005: Nr 8 på 50 km på Lillehammer

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar og Arne Bjonviken som har retta opp i feil og rot

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]