Torild Skogsholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torild Skogsholm
none Torild Skogsholm i 2009Foto: Jarle Vines
Torild Skogsholm i 2009
Foto: Jarle Vines
Fødd 18. oktober 1959

Bodø

Torild Skogsholm (fødd 18. oktober 1959) i Bodø, Nordland er ein norsk politikar frå Venstre. Ho er utdanna sosialøkonom med mellomfag i spansk frå Universitetet i Oslo og grunnfag i kristendom frå Menighetsfakultetet.

Ho var direktør for samfunnskontakt i teleselskapet NetCom frå 1999 til 2001. Frå 19. oktober 2001 til 17. oktober 2005 var ho statsråd i Samferdsledepartementet (samferdsleminister) i regjeringa Bondevik II.

Ho har vore nestleiar i Oslo Venstre, organisasjonssekretær Norges Unge Venstre, sentralstyremedlem i Norges Unge Venstre og leiar i Venstrekvinnelaget.

1. februar 2006 overtok Skogsholm som administrerende direktør i Oslo Sporvognsdrift som tek seg av trikkeverksemnda til Kollektivtransportproduksjon.

I 2005 blei ho utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.