Knut Arild Hareide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut Arild Hareide
Knut Arild Hareide (KrF).JPG
Knut Arild Hareide
Foto: Mona Høvset
Fødd23. november 1972 (49 år)
Bømlo
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
Utdanna vedNorges handelshøyskole
VervNorsk samferdselsminister 24. januar 2020– i dag
FøregangarJon Georg Dale
VervPartileiar i Kristeleg Folkeparti 30. april 2011– 17. januar 2019
FøregangarDagfinn Høybråten
EtterfylgjarKjell Ingolf Ropstad
VervNorsk miljøvernminister 18. juni 2004– 17. oktober 2005
FøregangarBørge Brende
EtterfylgjarHelen Bjørnøy

Knut Arild Hareide (fødd 23. november 1972 på Bømlo) er ein norsk KrF-politikar frå Rubbestadneset som var leiar i partiet frå 2011 til 2019. Han var statsråd og sjef for Miljøverndepartementet (Miljøvernminister) frå 18. juni 2004 til regjeringa Bondevik II gjekk av hausten 2005. Frå 24. januar 2020 er han samferdselsminister for regjeringa Solberg.

Hareide er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole (NHH) og har sosiologi grunnfag frå Universitetet i Bergen. Han har vore politisk rådgjevar i Kyrkje- utdannings- og forskingsdepartementet i Regjeringa Bondevik I, statssekretær i Finansdepartementet i den andre Bondevikregjeringa; og er 2. nestleiar i KrF frå 2003.

Då Hareide tiltredde stillinga som miljøvernminister 18. juni 2004, berre 31 år gammal, vart han den yngste ministeren frå KrF nokon sinne.

I det sivile livet har Hareide vore tilsett i Schibsted-konsernet sidan 1997. I januar2007 vart det kjent at Hareide førebels trekte seg frå politikken for å satse på ein karriere i næringslivet. Frå 2007 til hausten 2009 var han tilsett som organisasjonsdirektør i Schibsted.[1]

Hareide blei ved stortingsvalet 2009 vald inn som representant frå Akershus. Han leiar Transport- og kommunikasjonskomitéen på Stortinget.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hareide gir seg i KrF», Dagbladet, 25. januar 2007

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]