Troll Airfield

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Troll Airfield

IATAQAT Sjå dette på Wikidata
ICAOENOE Sjå dette på Wikidata
OperatørNorsk Polarinstitutt Sjå dette på Wikidata
TenerTroll-stasjonen Sjå dette på Wikidata
StadAntarktis traktat-område Sjå dette på Wikidata
Opna2005 Sjå dette på Wikidata
Høgd1 232 meter Sjå dette på Wikidata
Koordinatar71°57′26″S 2°28′0″E Sjå dette på Wikidata

Troll Airfield er ein flyplass som ligg rundt sju kilometer frå den norske feltstasjonen Troll i Antarktis. Flyplassen blei bygd på iskappa og opna for trafikk i februar 2005. Han blir brukt til transport av personell og utstyr i samband med forsking i området.

Norsk polarinstitutt inviterte elleve land som opererte i Dronning Maud Land til samarbeid om Dronning Maud Land Air Network Project (DROMLAN). Troll Airfield er ein del av luftnettverket saman med Cape Town i Sør-Afrika og den russiske forskingsstasjonen Novolazarevskaja nordaust for Troll. Passasjerar blir flogne inn frå fastlandet og så transporterte med mindre fly vidare til dei endelege reisemåla sine.

Flyplassen viste seg å vera populær sidan han bidrog til å senka kostnadene i samband med forsking i Antarktis. C-130 Hercules og liknande fly har regulære flygingar. Rullebanen avgrensar ikkje storleiken på besøkande fly. Troll Airfield er berre open for trafikk i samband med forsking. Det finst ingen tenester for kommersiell trafikk.[1] Flyplassen er open frå oktober til februar i den antarktiske sommarsesongen. 28. november 2012 landa det for første gong eit Boeing 737-fly på Troll. Flyet transporterte 33 personar og vende tilbake til Cape Town dagen etter.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Antarktis, Troll Runway». Norske Flyplasser. Arkivert frå originalen 27. september 2007. Henta 23. mai 2010. 
  2. Vinje Jenssen, Elin. "Satser på økt sikkerhet og mer miljøvennlig flytransport" Norsk Polarinstitutt, December 03, 2012. Retrieved: April 1, 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]