Båtsfjord lufthamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Båtsfjord lufthamn

IATABJF
ICAOENBS
FlyplasstypeSivil
EigarAvinor
OperatørAvinor
TenerBåtsfjord kommune Sjå dette på Wikidata
StadBåtsfjord kommune, Finnmark
Opna1999 Sjå dette på Wikidata
Høgd490 fot Sjå dette på Wikidata
Koordinatar70°36′3.096″N 29°41′40.452″E, 70°36′1″N 29°41′33″E Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttps://avinor.no/flyplass/batsfjord/ Sjå dette på Wikidata

Båtsfjord lufthamn er ei sivil, regional lufthamn i Båtsfjord kommune i Finnmark.

Lufthamna ligg om lag 6,5 kilometer sørvest for Båtsfjord og er eigd og driven av Avinor AS. Widerøe tener Båtsfjord lufthamn med to daglege avgangar til Vadsø og Kirkenes, i tillegg til to daglege avgangar til Hammerfest og Tromsø. Det er også ein dagleg avgang til Berlevåg, Mehamn og Honningsvåg. Frå Kirkenes og Tromsø er det korresponderande samband med SAS.

Båtsfjord lufthamn vart bygd ferdig i 1999 med terminalbygg og ein rullebane på 1000 meter. Tidlegare hadde Båtsfjord berre ein flyplass med grusdekke i Båtsfjorddalen. Twin Otter-fly var brukt her heilt fram til den nye flyplassen vart opna, og Widerøe kunne begynne å betene Båtsfjord med Dash 8-fly.

Flyselskap og destinasjonar[endre | endre wikiteksten]

Innland[endre | endre wikiteksten]

Flyselskap Destinasjonar
 Noreg Widerøe[1] Berlevåg, Hammerfest, Honningsvåg, Kirkenes, Mehamn, Tromsø, Vadsø, Vardø

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Båtsfjord lufthavn, Båtsfjord» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]