Tropisk savanneklima

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tropisk savanneklima (Aw) i verda

Tropisk savanneklima eller tropisk vått og tørt klima er ein klimatype som høyrer til kategoriane Aw og As i Köppen si klimaklassifisering. Dette klimaet har månadsmiddeltemperaturar over 18 °C kvar einaste månad i året og ei markant tørketid der dei tørraste månadene har mindre enn 60 mm og i tillegg mindre enn (100 − [total årsnedør {mm}/25]).

Dei fleste stadane som har dette klimaet ligg i utkanten av tropane, men stundom finn ein dei òg innanfor tropane (t.d. San Marcos i Antioquia i Colombia). Kysten av Karibia austover frå Urabábukta på grensa mellom Colombia og Panama til Orinoco sitt elvedelta ved Atlanterhavskysten (om lag 4000 km), har lange tørkeperiodar (det ekstreme er BSh-klima (sjå under) med svært lite nedbør som i Guajira og Coro vest i Venezuela, dei nordlegaste halvøyane i Sør-Amerika, som får mindre enn 300 mm nedbør i året, nesten alt på to-tre månader) Desse forholda strekkjer seg til Antillane og dannar eit tørt belt rundt Det karibiske havet. Lengda på tørkeperioden og omfanget av perioden vert mindre jo lenger inn i landet ein kjem (sørover). Ved Amazonaselva, like sør for ekvator, er klimaet Af. Aust for Andesfjella, mellom det tørre Karibia og den alltid våte Amazonas ligg Orinocoelva sine llanos eller savanner, som klimaet er kalla opp etter.

Stundom vert As nytta i staden for Aw om tørketida varer i perioden når sola står høgt og dagane er lengre. Dette er tilfellet dei fleste stader i t.d. Hawaii (Honolulu), Aust-Afrika (Mombasa, Kenya) og Sri Lanka (Trincomalee). Dei fleste stader med tropisk savanneklima har derimot tørketida når sola står lågast og dagane

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Klimasoner i Köppen si klimaklassifisering
Gruppe A: TropiskRegnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As)
Gruppe B: TørtØrkenklima(BW) - Steppe (BSh, BSk)
Gruppe C: TemperertFuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb)
Gruppe D: KontinentaltFuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd)
Gruppe E: ArktiskTundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH)