Tørt klima

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit tørt klima (BW) har stor mangel på nedbør, og får mindre nedbør enn den potensielle evaportranspirasjonen. Dette kjem hovudsakleg av høge temperaturar og få uvêr som fører til regn. Denne klimatypen utgjer gruppe B i Köppen si klimaklassifisering. Store delar av landområda der vêret ofte er påverka av det subtropisk høgtrykksområdet har tørt klima.

For at klimaet skal vere tørt må det oppfylle visse vilkår:

  • For å finne grenseverdien for nedbøren (i millimeter) kan ein multiplisere den årlege middeltemperaturen i °C med 20, så legge til 280 om 70 % eller meir av den totale nedbøren kjem i det halvåret sola står høgast på himmelen (april-september på nordlege halvkule, oktober-mars på sørlege), eller legge til 140 om 30-70 % av den totale nedbøren kjem i denne perioden, eller 0 om mindre enn 30 % av den totale nedbøren kjem i denne perioden.
  • Viss den totale nedbøren er mindre enn halvparten av grenseverdien for tørt klima, vert klimaet klassifisert som ørkenklima. Visst den totale nedbøren er mindre enn grenseverdien, men meir enn halvparten av grenseverdien vert klimaet klassifisert som steppeklima.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Enkelte ørkenområde på vestkystsida av tropiske eller nær-tropiske område har lågare temperaturar enn andre område på same breiddegrad (på grunn av kalde havstraumar nær kysten). Desse områda har ofte tåke og låge skyer, sjølv om desse områda er blant dei tørraste på jorda med omsyn på nedbørmengdene dei får. Døme på dette finn ein i Lima, Peru og Walvis Bay, Namibia.

Klimasoner i Köppen si klimaklassifisering
Gruppe A: TropiskRegnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As)
Gruppe B: TørtØrkenklima(BW) - Steppe (BSh, BSk)
Gruppe C: TemperertFuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb)
Gruppe D: KontinentaltFuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd)
Gruppe E: ArktiskTundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH)