Trym Ivar Bergsmo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trym Ivar Bergsmo
Fødd 18. januar 1962
Yrke fotograf, forfattar

Trym Ivar Bergsmo (fødd 18. januar 1962Stokmarknes i Vesterålen) er ein norsk naturfotograf og biletkunstnar, busett i Harstad.

Han er utdanna ved Brooks Institute i Santa Barbara, California. Bergsmo har gjeve ut fleire bøker, vore involvert i ei rekkje multimedia- og teaterprosjekt og hatt mange fotoutstillingar. Fotografisk er han spesielt kjend for bileta sine frå Lofoten og Nord-Noreg. Filmen Det du ser er sant, så sant du ser det er ein dokumentar om Bergsmo (vist på NRK1 og NRK2 i 2001/2002).

Bergsmo sine bilete er blant anna kjøpte inn av Nordnorsk Kunstmuseum i Tromsø, Den kongelege Norske Ambassaden i Moskva og H M Dronning Sonja.

Han er medlem av samskipnaden Norske Naturfotografer, Nordnorske Bildende Kunstnere og knytt til biletbyrået Samfoto.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Utstillingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]