Tundrapiplerke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tundrapiplerke
Tundrapiplerke Foto: Monte M. Taylo
Tundrapiplerke
Foto: Monte M. Taylo
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Erlefamilien Motacillidae
Slekt: Anthus
Art: Tundrapiplerke A. gustavi
Vitskapleg namn
Anthus gustavi

Tundrapiplerke (Anthus gustavi) er ein sporvefugl med hekkeutbreiing i nordlege Sibir og med vinterkvarter i Søraust-Asia. Ho høyrer til den største biologiske slekta Anthus i familien av erler og piplerker, Motacillidae.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Utsjånd ut storleik er mykje som ei heipiplerke, med strekete fjørdrakt i olivengråbrunt, med underside i kvitt som har streker på flankene og brystet. Tundrapiplerka er ca. 14 til 15 centimeter i kroppslengd. Ho skil seg frå andre artar i slekta med relativt breie kvite langsgåande band på ryggen, og markerte lyse vengband, ho har dessutan korte tertialar som ikkje dekker handsvingfjørene i lengd. Nebbet er relativt kraftig og rosa farge, beina er lyse. Kjønna er like. Songen er låg, metallisk og karakterisert som ei trille med rytmiske slag. [1]

Hekkinga skjer i Nord-Russland frå omtrent vestsida av elva Petsjora vest for Ural-fjella, austover til Beringsundet, sørover til Kamtsjatkahalvøya og Kommandørøyane, dessutan eit isolert område i Amur og Primorskij kraj i Russland og på tilgrensande kinesisk område. Dei er trekkfuglar som overvintrar på øyar i Filippinane og Wallacea i Indonesia.[2]

Hekkehabitat er myrer med sparsam vegetasjon, ved elvebreidder med tett og låg vegetasjon,[1] også i overgangssona mellom tundra og taiga. Føda er hovudsakleg insekt.[2]

Mellom 1991 og 2017 var det ca. 50 registreringar av tundrapiplerker på vitjing i Noreg. Alle er notert i månadene september eller oktober og alle vest i landet frå Troms til Vest-Agder med eit dominerande tal i Røst, Træna og Værøy kommunar i Nordland fylke.[3]

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  2. 2,0 2,1 Tyler, S. (2018). Pechora Pipit (Anthus gustavi) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 17. juni 2018
  3. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 17. juni 2018. 
  4. BirdLife International (2018) Species factsheet: Anthus gustavi. Henta frå http://www.birdlife.org den 17. juni 2018

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tundrapiplerke