Tupolev Tu-154

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Tupolev 154 (NATO-kallenamn Careless) er eit tremotors passasjerfly bygd i Russland. Det var det sovjetiske motstykket til det amerikanske Boeing 727. Flyet vert framleis brukt av fleire selskap i tidlegare austblokkland (2016).

Tupolev 154

Det fyrste flyet flaug 4. oktober 1968, modellen vart sett i vanleg rutetrafikk i 1972. Ein oppgradert variant, Tu-154M, med betre motorar vart bygd frå 1982.

Som fleire andre russiske fly er Tupolev 154 laga for å kunna landa på forholdsvis dårlege rullebaner. Det har eit understell som består av til saman fjorten hjul.

Tryggleiksmessig har Tu-154 eit noko frynsete rykte. Dei fleste ulukkene vert likevel skulda menneskeleg og ikkje teknisk feil. Talet på ulukker med dette flyet er ikkje uvanleg med tanke på mengd fly som er vorte bygd, mengd år flyet har vore i drift og nytta til flyet i krevande omgivnader. Den vondaste flyulykken på norsk jord, Operafjellulukka, involverte ein Tu-154.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Tu-154-flyet vart utvikla for å møta Aeroflots krav for å kunna byta ut sina Tupolev Tu-104-fly, Antonov An-10-fly og Ilyushin Il-18-fly. Krava dreidde seg om ein lastekapasitet på 16 – 18 tonn med ei rekkjevidd på 2850–4000 km med ein marsjfart på 900 km/t, eller ein lastekapasitet 5,8 tonn med rekkjevidd på 5 800–7 000 km med ein marsjfart på 850 km/h. Ein take-off-lengd på 2 000 meter ved maksimal vekt var òg eit krav. Tu-154-flyet deler likskapar med Hawker Siddeley Trident og Boeing 727, og det vart marknadsført av Tupolev på same tid som Ilyushin marknadsførde sit Ilyushin Il-62-fly. Luftfartsstyresmaktene i Sovjetunionen valde Tu-154 sidan det var utstyrt med det nyaste innan sovjetisk flydesign og fordi flyet best innfridde Aeroflots forventa krav for 1970- og 1980-talet.[1]

Tu-154-flyet flaug for første gong 4. oktober 1968. Kommersielle flygingar byrja i 1972, og det var avgrensa produksjon av 154M-modellen pr. januar 2009 til trass for utsegner om at produksjonen ville stoppast i 2006. 1 015 fly er til no vorte bygd, og pdr 14. desember 2009 var 214 framleis i bruk.[2][3]

Design[endre | endre wikiteksten]

Tu-154M tilhøyrande flyselskapet Rossiya.
Tu-154M i ferd med å ta av ved Domodedovo internasjonale lufthamn.

Tu-154-flyet er drive av tre turbofan-motorar montert bakarst på flykroppen i likskap med Boeing 727, og det er litt større enn sin amerikanske motpart. Både 727-flyet og Tu-154-flyet brukar ein S-sjakt på den midtre motoren. Den originale modellen brukte Kuznetsov NK-8-2-motorar, medan Tu-154M brukar Soloviev D-30KU-154-motorar. Alle modellar har eit høgare tilhøve mellom drivkraft og vekt enn det 727-flyet har. Detta gjer at dei har høg yting, men ikkje så effektivt drivstofforbruk.

Kabinen til Tu-154-flyet har eit lågare tak enn mange Boeing- og Airbus-fly, til trass for at setekonfigurasjonen består av seks sete i breidda. I tillegg er bagasjelukene mykje mindre.

Vingane til Tu-154, i likskap med Tu-134, er bøygd bakover med ein vinkel på 35 gradar. Hawker Siddeley Trident-flyet har den same vingekonfigurasjonen. Boeing 727-flyet har ein nokon mindre vinkel på vingane (32 gradar).

I likskap med mange andre fly produsert i Sovjetunionen har Tu-154 eit stort understell, som gjer muleg landing på rullebaner som ikkje er asfaltert. Slike rullebaner var vanleg mange stader i Sovjetunionen. Understellet til flyet består av to sett med seks hjul på kvart sett. Spesielle støytdemparar gjer landinga meir behageleg på humpa rullebaner.

Kabinen kan ha plass til 128 passasjerar om den er delt inn i to klasser og 164 passasjerar om den ikkje har eit klassesystem. Maks. kapasitet er 180 passasjerar, men då med ein ganske tett setekonfigurasjon.

Opphavleg skulle mannskapet i cockpiten bestå av berre tre personar, i motsetnad til eit mannskap på fire eller fem, som elles var i bruk på den tida då flyet vart introdusert.

Dei tidlegaste modellane av dette flyet kan ikkje modifiserast slik at dei møter dei noverande støykrava i mange land, men den seinaste modellen kan utstyrast med eit såkalla "hush-kit" slik at han kan fly i område der tidlegare modellar har flyforbud.

Variantar[endre | endre wikiteksten]

Rossiya Airlines Tu-154M.
Turan Air Tu-154M.
Ural Airlines Tu-154B-2.

Det er vorte bygd mange modellar av dette flyet. I likskap med Boeing 727 har mange av dei Tu-154-flyene som enno er i drift vorte utstyrt med hush-kit, og nokon er vorte omgjort til fraktfly.

Tu-154
Produksjon av Tu-154 starta i 1970, og den første flyginga med passasjerar starta 9. februar 1972. Denne modellen hadde plass til 164 passasjerar og var utstyrt med Kuznetsov NK-8-2-turbofan-motorar. Omtrent 42 fly av denne modellen vart bygd.

Flyselskap som opererer med denne flytypen[endre | endre wikiteksten]

Aeroflot Tu-154M.
S7 Airlines Tu-154M.

Pr. 14. desember 2009 var det 205 Tupolev Tu-154 (alle versjonar) i drift. Flyselskap som opererer med denne flytypen inkluderer:

Flyselskap Mengd i drift
DonaviaRussland 4
Air KoryoNord-Korea 4
Alrosa Mirny Air EnterpriseRussland 5
Atlant-Soyuz AirlinesRussland 7
BelaviaHviterussland 5
Caspian AirlinesIran 4
Iran Air ToursIran 14
KMVRussland 10
KogalymaviaRussland 6
Moskovia AirlinesRussland 6
Tajik AirTadsjikistan 6
Tatarstan AirlinesRussland 2
Turkmenistan AirlinesTurkmenistan 1
Ural AirlinesRussland 5
UTair AviationRussland 21
Uzbekistan AirwaysUsbekistan 5
Vladivostok AirRussland 5
Yakutia AirlinesRussland 7

Statistikk[endre | endre wikiteksten]

Tupolev Tu-154

Tu-154M[endre | endre wikiteksten]

  • Besetning: 3 eller 4
  • Passasjerar: 180
  • Lengd: 48 m
  • Vengespenn: 37,55 m
  • Høgd: 11,40 m
  • Vingeareal: 201,5
  • Vekt (tom): 53 000 kg
  • Maksimal avgangsvekt: 102 000 kg
  • Motorar: Tre Solovyev D-30KU-154 turbofan motorar; 103,6 kN kraft
  • Maksimal fart: 950 km/t
  • Rekkjevidd med maksimal nyttelast: 3 900 km
  • Rekkjevidd med maksimal drivstoff: 6 600 km
  • Maksimal driftshøgd: 12 100 m

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dmitriy Komissarov, Tupolev Tu-154, the USSR's Medium-Range Jet Airliner, (Hinckley, UK, 2007), 8.
  2. Aviakor ends Tupolev Tu-154M production after fulfilling last order
  3. Tu-154 Production Numbers

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]