UEFA-cupfinalen i fotball 1973

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

UEFA-cupfinalen i fotball 1973 stod mellom engelske Liverpool FC og vesttyske Borussia Mönchengladbach og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 10. mai på Anfield Road i Liverpool framfor vel 41 000 tilskodarar, returkampen 23. mai på Bökelbergstadion i Mönchengladbach med knapt 35 000 på tribunane. Liverpool FC vann pokalen med sluttsiffera 3 mot 2.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

På Anfield Road skåra Kevin Keegan to mål for Liverpool i den fyrste omgangen, etter pause la Larry Lloyd på til 3-0.

I Mönchengladbach tok heimelaget leiinga 2-0 til pause, etter skåringar av Jupp Heynckes i det 29. og 40 minutt. Andreomgangen vart mållaus, så då sluttsignalet lydde kunne Liverpool-kapteinen Tommy Smith heve UEFA-trofeet.

Dei noko feilaktige oppstillingane av laga på Anfield Road, Liverpool i raudt

Laga[endre | endre wikiteksten]

Liverpool-mannskapet bestod av Ray Clemence, Chris Lawler, Larry Lloyd, Emlyn Hughes, Alec Lindsay, Tommy Smith, Peter Cormack, Ian Callaghan, Kevin Keegan, John Toshack, Steve Heighway. Brian Hall var innbytar i heimekampen, Phil Boersma i bortekampen.

Borussia-spelarane var Wolfgang Kleff, Günter Netzer, Rainer Bonhof, Berti Vogts, Herbert Wimmer, Dietmar Danner, Christian Kulik, Henning Jensen, Bernd Rupp, Jupp Heynckes. Heinz Michalik og Ulrich Surau deltok i kvar sin kamp, Allan Simonsen var innbytar i bortekampen.

Dommarar[endre | endre wikiteksten]

Erich Linmayr frå Austerrike var kampleiar på Anfield Road, Pavel Kazakov frå Sovjetunionen på Bökelbergstadion.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]