Jupp Heynckes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jupp Heynckes
Jupp Heynckes 2013-01-04 (cropped).jpg
Fødd 9. mai 1945
Mönchengladbach
Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Jupp Heynckes på Commons

Josef Heynckes, kjend som Jupp Heynckes, (fødd 9. mai 1945) er ein tysk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Mönchengladbach. Med Borussia Mönchengladbach var han med om å vinne Bundesliga fire gonger, UEFA-cupen 1975 og den nasjonale DFB-pokalen i 1973. Vest-Tyskland sitt landslag vann Fotball-EM 1972 og VM i fotball 1974 på heimebaner med Heynckes i mannskapet. Etter han la fotballskoa på hylla i 1978 hadde Heynckes stor suksess som lagsjef i fleire av dei mektigaste fotballklubbane i Europa.

Spelar[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Heynckes spelte på laget frå heimbyen frå 1963 til -67 og viste seg som ein flittig målskårar. Han vart overført til Hannover 96, men lukkast ikkje på same måte der, så i 1970 gjekk han tilbake til Borussia Mönchengladbach. Dei neste åra var han med å vinne både bundesligaen 1971 og den vesttyske cuppokalen i 1973. Han skåra tre av måla då Borussia på bortebane sikra seg sigeren i UEFA-cupen 1975 mot finalemotstandar FC Twente. Perioden 1975-77 sanka klubben med Heynckes som midtspiss tre rake seriegull i Vest-Tyskland. Våren 1977 tapte Borussia og Heynckes finalen i europacupen mot Liverpool FC. Han la opp i 1978.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Gjennom tiårsperioden 1967-76 deltok Heynckes i 39 landskampar og skåra 14 mål. Trass i at han skåra i dei to fyrste landskampane, var det fyrst frå hausten 1970 at han oftare vart nytta på landslaget. Då jamgamle Gerd Müller vart føretrekt som midtspiss for Vest-Tyskland, måtte Heynckes ofte sjå landskampane frå reservebenken. EM-finalen 1972 mot Sovjetunionen spelte derimot begge karane, men både i VM-finalen 1974 og EM-finalen 1976 var Heynckes unytta reserve. I sine seks siste landskampar skåra Heynckes sju mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Verdsmeister: 1974 for Vest-Tyskland
  • Europameister: 1972 for Vest-Tyskland
  • EM-sølv: 1976 for Tyskland
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1975 med Borussia Mönchengladbach
  • Vesttysk seriemeister: 1971, 1975, 1976, 1977 med Borussia Mönchengladbach
  • Vinnar av DFB-pokalen: 1973 med Borussia Mönchengladbach
  • Finaletap i Europacupen: 1977 med Borussia Mönchengladbach

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Heynckes var i tida 1979-2018 lagsjef i Borussia Mönchengladbach i to periodar, Bayern München i fire periodar, Athletic Bilbao i to periodar, og elles i Eintracht Frankfurt, Tenerife, Real Madrid, Schalke 04 og Bayer Leverkusen. Mellom anna leia han Real Madrid til siger i Meisterligaen 1998 og Bayern München i Meisterligaen 2013.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]