Allan Simonsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Allan Simonsen
Allan Simonsen 20121027.JPG
Fødd 15. desember 1952
Vejle
Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Allan Simonsen på Commons

Allan Simonsen (fødd 15. desember 1952) er ein dansk, tidlegare fotballspelar og -trenar frå Vejle. Han var ein sentral spelar på Borussia Mönchengladbach då klubben vann den vesttyske bundesligaen og UEFA-cupen, samt nådde finalen i Europacupen for serievinnarar i 1977. Same året vart han kåra til 'Årets europeiske fotballspelar' (Gullballen). Han var ein kortvaksen, kvikk angrepsspelar med blikk for spelet.

Simonsen var trenar for Færøyane sitt fotballandslag mellom 1994 og 2001.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Simonsen debuterte for Vejle Boldklubb i 1971-sesongen. Her var han med å vinne den danske seriemeisterskapen for klubben både i 1971 og 1972. I 1972-sesongen debuterte han på det danske fotballandslaget med å skåre to av måla då Island vart slått med 5-2.

På 20-årsdagen i desember 1972 skreiv Simonsen kontrakt med den vesttyske bundesligaklubben Borussia Mönchengladbach. Fyrst hausten 1974 spela han seg til plass i startellevaren. I 1974/75-sesongen spela han 34 kampar og skåra 18 mål for klubben som vart vesttyske seriemeistrar både den sesongen og dei to påfylgjande sesongane. I 1975 vann Borussia Mönchengladbach også UEFA-cupen. To år seinare var Simonsen heilt sentral då klubben nådde finalen i Europacupen, men som enda med tap for Liverpool FC. Grunna økonomien kvitta den vesttyske klubben seg med ei rekke klassespelarar i 1977. Same året vart Simonsen kåra til å vere den beste fotballspelaren i Europa, med knapp margin framom Kevin Keegan. Simonsen vart verande i Borussia Mönchengladbach og var med å vinne UEFA-cupen på nytt i 1979.

Frå sommaren 1979 til 1983 spela Simonsen for den spanske storklubben FC Barcelona. Med denne klubben vart han spansk cupmeister i 1981, medan han året etter var med å vinne Cupvinnarcupen då Barcelona slo Standard Liège med 2-1. Simonsen skåra høvesvis 20, 11 og 24 mål i dei tre fyrste sesongane i Spania.

Hausten 1983 spela Simonsen for det engelske 2. divisjonslaget Charlton. Han var lokka til klubben av ein rikmann som hadde lova å bygge ein storklubb. Det heldt seg ikkje oppatt, for Simonsen vart det heile ein fiasko. Etter seks månader forlet han klubben og reiste heim til Danmark. Her spela han frå 1983 med Vejle BK, og var i 1984 med på sikre klubben sitt femte danske seriemeisterskap.

1982-83 var Simonsen ein sentral spelar på Danmarks fotballandslag som kvalifiserte seg til EM i fotball 1984. Under opningskampen mot vertslandet Frankrike braut han foten og vart aldri sidan like god som før skaden. Sin 55. og siste landskamp spela han i 1986. Han la opp som fotballspelar i 1989.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]