Rainer Bonhof

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rainer Bonhof
Rainer Bonhof.jpg
Personleg informasjon
Fødselsdato 29. mars 1952 (67 år)
Fødestad Emmerich am Rhein i Vest-Tyskland
Høgd 180 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Borussia Mönchengladbach (visepresident)
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1970-1978 Borussia Mönchengladbach 231 (42)
1978-1980 Valencia 61 (10)
1980-1983 Köln 74 (14)
1983 Hertha Berlin 6 (0)
Totalt 371 (69)
Landslag
1972-1981 Vest-Tyskland 53 (9)
Trenar for
1998-1999 Borussia Mönchengladbach
2000-2001 Al-Kuwait
Landslagstrenar for
1990-1998 Tyskland (assistenttrenar)
1998 Tyskland U-21
2002-2005 Skottland U-21
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Rainer Bonhof (fødd 29. mars 1952) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Emmerich am Rhein som vart verdsmeister med Vest-Tyskland i 1974 og europameister både i 1972 og 1980. Han vann elles fleire pokalar i europeiske og nasjonale fotballmeisterskap og -turneringar, flest med Borussia Mönchengladbach, men òg med FC Köln og spanske Valencia CF. Bonhof var særleg kjend for sine harde frispark og kontante langskot.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Bonhof spelte på Borussia Mönchengladbach frå 1970 til -78. Allereie i sin fyrste sesong vart han seriemeister, og seinare var han med å vinne ytterlegare tre seriemeistertitlar, alle tre i rad. Dei fyrste sesongane var han midtstoppar, men vart så flytta opp på midtbana. Frå 1974 var han ein sentral spelar i laget, og bidrog mykje både då Borussia vann 5-1 på bortebane i UEFA-cupfinalen 1975 mot nederlanske Twente Enschede og i bundesliga i åra frå 1974 til 1977. Saman med lagkaptein Berti Vogts, Uli Stielike, Herbert Wimmer, Allan Simonsen og Jupp Heynckes danna han ryggrada i eit fotballag som i 1977 spelte Borussia fram til sin einaste europacupfinale. Finalen mot Liverpool FC enda likevel med 1-3 tap.

Sommaren 1978 vart Bonhof overført til den spanske klubben Valencia CF. Med det spanske laget vart han spansk cupmeister i 1979, etter siger 2-0 over Real Madrid. Han avslutta to år i Spania, og fruktbart samspel med den argentiske midtspissen Mario Kempes, med å vinne cupvinnarcupen. Etter ein mållaus finale mot London-laget Arsenal, var Bonhof ein av dei som plasserte sitt forsøk i straffeskytinga i nettet bak Arsenal-målvakta Pat Jennings.

Bonhof spelte så i tre sesongar, 1980-83, for FC Köln i heimlandet. I sin siste kamp for FC Köln, cupfinalen 1983, vart han cupmeister i Vest-Tyskland for andre gong. I eit historisk oppgjer mot byrival Fortuna Köln skåra Pierre Littbarski kampens einaste mål. Sommaren 1983 gjekk Bonhof til Hertha Berlin, der han etter kort tid vart ankelskadd, og deretter la bort fotballskoa.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Bonhof spelte i tida 1982-81 53 landskampar for Vest-Tyskland og skåra ni mål. Han var mellom dei elleve utvalde både i VM-finalen 1974 og EM-finalen 1976, medan ein skade gjorde at han ikkje fekk speletid under Fotball-EM 1980. Særleg framifrå spel viste han under Fotball-EM 1976, der han gjennom presist pasningsspel stod bak fleire vesttyske skåringar på vegen til finalen. Finalekampen enda 2-2, og EM-tittel til Tsjekkoslovakia etter straffetevling.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Verdsmeister: 1974 med Vest-Tyskland
  • Europameister: 1972 og 1980 med Vest-Tyskland
  • Finalist i europameisterskap: 1976 med Vest-Tyskland
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1975 med Borussia Mönchengladbach
  • Vinnar av Cupvinnarcupen: 1980 med Valencia
  • Vinnar av Bundesliga: 1971, 1975, 1976 og 1977 med Borussia Mönchengladbach
  • Vinnar av den vesttyske cupfinalen: 1973 med Borussia Mönchengladbach
  • Vinnar av den spanske cupfinalen: 1979 med Valencia
  • Vinnar av den vesttyske cupfinalen: 1983 med FC Köln
  • Finalist i Europacupen: 1977 med Borussia Mönchengladbach

Kjelder[endre | endre wikiteksten]